Val 2019

valglogo_gull_nynorsk 2017.jpg - Klikk for stort bilete Måndag 9. september er valdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019. 

På valdagen den 9. september må du røysta i den kommunen du er manntalsført, det vil seie den kommunen der du var registrert i Folkeregisteret som busett pr. 30. juni 2019.

Det er kommunane som bestemmer kva for vallokale som skal brukast og opningstidene for desse, både ved førehandsrøystinga og på valdagen. Førehandsrøysting vil skje på Servicekontoret i kommunehuset. Informasjon om opningstider og eventuelle andre vallokale for førehandsrøysting kjem når førehandsrøystingsperioden nærmar seg.

Vallkokale på sjølve valdagen blir Sveio soknehus, Førde samfunnshus og Vikse skule. Informasjon om kva krins ein tilhøyrer vil stå på valkortet, som alle med røysterett vil motta i posten nærmare valdagen. Informasjon om opningstider på valdagen kjem på valkortet, på kommunen sine nettsider, i lokallavis og på Facebook.

Valdirektoratet har mykje god informasjon om valet på valg.no.

Listeforslag

Til venstre finn du alle listeforslaga (vallistene) frå alle partia som stillar ved kommunestyrevalet 2019 i Sveio kommune.

Førehandsrøysting

Skal du røysta på førehand, kan du gjere det i kommunar kvar som helst i landet.

Førehandsrøystinga startar 10. august, og fristen for å røysta på førehand i Noreg er seinast 6. september. Dersom du røyster på førehand i ein annan kommune enn heimkommunen din, vil røysta automatisk bli send til heimkommunen.

Røystene må vera kommunen i hende før kl. 17.00 dagen etter valdagen for at dei skal telja med i valoppgjeret.

Opningstider for førehandsrøysting i Servicekontoret

Informasjon om opningstider kjem.

Hugs å ta med legitimasjon.

Røystegivinga går raskare om du òg har med valkort.

Fleire opplysningar om førehandsrøysting valet generelt kan rettast til Servicekontoret,
på tlf. 53 74 8000 eller e-post postmottak@sveio.kommune.no.

Røysta heime (ambulerande røysting)

Sjuke og uføre som ikkje kan ta seg fram til vallokale måndag den 9. september har høve til å røysta heime. Ring Servicekontoret på tlf. 53 74 80 00 eller send ein e-post til postmottak@sveio.kommune.no og be om ein avtale med røystemottakarar.

Du treng ikkje grunngi kvifor du ønsker å røysta heime. Sveio kommune ønsker at så mange som mogleg skal få høve til å bruka røysteretten sin.

Du må be om røysting i heimen seinast 4. september.

Røysta frå utlandet

Dersom du er på ferie eller er i utlandet av andre grunnar og ikkje får røysta i Noreg, kan du røysta på førehand hjå mange av dei norske utanriksstasjonane. Førehandsrøysting utanriks er mogleg frå 1. juli.

Røystene må vera kommunen i hende før kl. 17.00 dagen etter valdagen for at dei skal telje med i valoppgjeret. Veljaren er sjølv ansvarleg for å røysta på eit tidspunkt som gjer at førehandsrøysta kjem fram innan fristen.

Publisert av Bjarte Stølås Storli. Sist endra 10.04.2019