Val 2021

Måndag 13. september er valdagen for stortingsvalet 2021. 

Innleiande informasjon

På valdagen den 13. september må du røysta i den kommunen du er manntalsført, det vil seie den kommunen der du var registrert i Folkeregisteret som busett pr. 30. juni 2021.

Det er kommunane som bestemmer kva for vallokale som skal brukast og opningstidene for desse, både ved førehandsrøystinga og på valdagen. Førehandsrøysting skjer på Servicekontoret i kommunehuset og på Soknehuset i Sveio sentrum. For informasjon om opningstider, sjå lenger nede i denne artikkelen.

Vallkokale på sjølve valdagen blir Sveio soknehus, Førde samfunnshus og Vikse skule. Informasjon om kva krins ein tilhøyrer vil stå på valkortet, som alle med røysterett vil motta før valdagen. Dei fleste vil få valkortet digitalt i år. For informasjon om opningstider i vallokala, sjå lenger nede i denne artikkelen.

Valdirektoratet har mykje god informasjon om valet på valg.no.

Digitale valkort

I år har Valdirektoratet sendt ut digitale val. Alle som får digitale valkort blir varsla pr. SMS, og valkortet finn ein i si digitale postkasse (Digipost eller e-Boks). Har ein ikkje digital postkasse kan ein finna valkortet på Altinn eller valg.no. 

Digitale valkort kan brukast direkte på mobiletelefonen, og dei er ikkje nødvendige å skriva ut. Det er heller ikkje nødvendig å visa valkortet når du skal røysta, men det gjer sjølve røystegivinga enklare og raskare. Det einaste ein ha med seg, er legitimasjon. 

Digitale valkort inneber ikkje at ein kan røysta på nett – ein røyster med papirrøystesetlar i eit vallokale som tidlegare. 

Dei som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadene, får valkort tilsendt på papir.

Vallister

Vallistene er tilgjengelege på Valdirektoratet sine nettsider

Står du i manntalet? 

Dersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje røysta ved Stortings- og sametingsvalet 2021. Du kan no undersøka om du står i manntalet i Sveio kommune.

Manntalslistene for høvesvis stortingsvalet og sametingsvalet er utlagde i Servicekontoret på kommunehuset i Sveio. Listene blir liggande ute til og med valdagen måndag 13. september 2021.

Dersom du har flytta til ein annan kommune og melding om flytting ikkje er mottatt i Folkeregisteret innan 30. juni 2021, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå.

Du kan velja om du vil røysta på valdagen i den kommunen i den kommunen du flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta. Du kan førehandsrøysta i Sveio kommune f.o.m. 10. august 2021, og du kan allereie no tidlegrøysta. Tidlegrøysting skjer på Servicekontoret på kommunehuset. Førehandsrøysting kan du lesa meir om her.

Klage til valstyret

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene som er utlagde, og du meiner dette er feil, eller om det er andre feil i listene, kan du klaga til valstyret og be om at dette blir retta.

Du må i så fall klaga så raskt som råd. Klagen skal vera skriftleg og grunngitt.

Ein eventuell klage skal sendast pr. e-post til postmottak@sveio.kommune.no (skriv «Klage til valstyret») i emnefeltet, ev. pr. post til Sveio valstyre, C/O Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio.

Førehandsrøysting

Skal du røysta på førehand, kan du gjere det i kommunar kvar som helst i landet. Du kan førehandsrøysta både til stortings- og til sametingsvalet.

Førehandsrøystinga startar 10. august, og fristen for å røysta på førehand i Noreg er seinast 10. september. Dersom du røyster på førehand i ein annan kommune enn heimkommunen din, vil røysta automatisk bli send til heimkommunen.

Røystene må vera kommunen i hende før kl. 17.00 dagen etter valdagen for at dei skal telja med i valoppgjeret.

Opningstider for førehandsrøysting

Opningstider – Førehandsrøysting
Dato Klokkeslett Lokale
10.08.–27.08 (kvardagar) Kl. 13.00–15.30 Servicekontoret på kommunehuset
28.08. Kl. 12.00–15.00 Soknehuset
30.08.–10.09. Kl. 08.30–13.00 Servicekontoret på kommunehuset
30.08.–03.09. Kl. 13.00–17.00 Soknehuset
04.09. Kl. 12.00–16.00 Servicekontoret på kommunehuset
06.09.–10.09. Kl. 13.00–20.00 Soknehuset

Merk at førehandsrøystinga i år varierer mellom Servicekontoret på kommunehuset og Soknehuset i Sveio sentrum. 

  • Adressa til kommunehuset er Sveiogata 70.
  • Adressa til Soknehuset er Steinhaugvegen 10. 

Hugs å ta med legitimasjon (f.eks. bankkort, førarkort, digitalt førarkort, pass).

Røystegivinga går raskare om du òg har med valkort. Dei fleste får dette digitalt i år, slik at det er tilgjengeleg på mobiltelefonen. 

Fleire opplysningar om førehandsrøysting og valet generelt kan ein få frå Servicekontoret,
på tlf. 53 74 80 00 eller e-post postmottak@sveio.kommune.no.

Opningstider i røystelokala valdagen 13. september

Alle vallokala (Sveio soknehus, Førde samfunnshus og Vikse skule) har same opningstid:

Kl. 09.00–20.00.

Røysta heime (ambulerande røysting)

Sjuke og uføre som ikkje kan ta seg fram til vallokale måndag den 13. september har høve til å røysta heime. Ring Servicekontoret på tlf. 53 74 80 00 eller send ein e-post til postmottak@sveio.kommune.no og be om ein avtale med røystemottakarar.

Du treng ikkje grunngi kvifor du ønsker å røysta heime. Sveio kommune ønsker at så mange som mogleg skal få høve til å bruka røysteretten sin.

Ambulerande røysting blir tilgjengeleg f.o.m. 10. august

Førehandsrøysting på institusjon

Det blir førehandsrøysting på Førde bu- og servicesenter 1. september kl. 10.00–12.00. 

Det blir førehandsrøysting på Sveio omsorgssenter 6. september kl. 10.00–12.00.

Røysta frå utlandet

Dersom du er på ferie eller er i utlandet av andre grunnar og ikkje får røysta i Noreg, kan du røysta på førehand hjå mange av dei norske utanriksstasjonane. Førehandsrøysting frå utlandet er mogleg f.o.m. 1. juli. 

Røystene må vera kommunen i hende før kl. 17.00 dagen etter valdagen for at dei skal telje med i valoppgjeret. Veljaren er sjølv ansvarleg for å røysta på eit tidspunkt som gjer at førehandsrøysta kjem fram innan fristen.

Du kan lesa meir om å røysta frå utlandet på Valdirektoratet sine nettsider

Smittevern

Dersom du har symptom på koronasmitte eller er i karantene, og ønsker å tidlegrøysta, skal du ikkje møta opp på kommunehuset. Me ber deg då venta med å tidlegrøysta til symptoma/karantenen er over. 

I veke 36 (6.–10. september) er det høve til å røysta heimanfrå (ambulerande) for personar med symptom eller som er i karantene eller isolasjon. Send e-post til postmottak@sveio.kommune.no eller ring 53 74 80 00 for å avtala tid. På valdagen (13. september) er det høve å røysta heimanfrå dersom ein sit i isolasjon. Fristen for å søka om dette er kl. 10.00 på valdagen. Send e-post eller ring (ved søknad på sjølve valdagen må ein ringa for å sikra seg at ein kjem i kontakt med valansvarleg tidleg nok).

Personar som tidleg- eller førehandsrøyster på kommunehuset skal ikkje skriva seg inn i besøksoversikta. Dette av omsyn til prinsippet om hemmelege val.