På valdagen den 11. september må du røysta i den kommunen du er manntalsført, det vil seia den kommunen der du var registrert i Folkeregisteret som busett pr. 30. juni 2023.
Det er kommunane som bestemmer kva for vallokale som skal brukast og opningstidene for desse, både ved førehandsrøystinga og på valdagen. Førehandsrøysting vil skje på Servicekontoret i kommunehuset. For informasjon om opningstider, sjå lenger nede i denne artikkelen.
Vallkokale på sjølve valdagen blir Sveio soknehus, Førde samfunnshus og Vikse skule. Informasjon om kva krins ein tilhøyrer vil stå på valkortet, som alle med røysterett vil motta i posten nærmare valdagen. For informasjon om opningstider, sjå lenger nede i denne artikkelen.
Valdirektoratet har mykje god informasjon om valet på valg.no.
Vallister
Vallistene frå partia som stiller ved kommunestyrevalet 2023 i Sveio kommune vil bli publiserte på denne sida i juni.
Førehandsrøysting
Skal du røysta på førehand, kan du gjera det i kommunar kvar som helst i landet.
Førehandsrøystinga startar 10. august, og fristen for å røysta på førehand i Noreg er seinast 8. september. Dersom du røyster på førehand i ein annan kommune enn heimkommunen din, vil røysta automatisk bli send til heimkommunen.
Røystene må vera Sveio kommune i hende før kl. 17.00 dagen etter valdagen for at dei skal telja med i valoppgjeret.
Opningstider for førehandsrøysting i Servicekontoret
Informasjon kjem.
Hugs å ta med legitimasjon.
Røystegivinga går raskare om du òg har med valkort.
Fleire opplysningar om førehandsrøysting og valet generelt kan du få frå Servicekontoret,
på tlf. 53 74 80 00 eller e-post postmottak@sveio.kommune.no.
Opningstider i røystelokala valdagen 11. september
Alle vallokala (Sveio soknehus, Førde samfunnshus og Vikse skule) har same opningstid:
Informasjon kjem.
Røysta heime (ambulerande røysting)
Sjuke og uføre som ikkje kan ta seg fram til førehandsrøystelokalet i førehandsrøysteperioden eller til eit vallokale på valdagen 11. september, har høve til å røysta heime. Ring Servicekontoret på tlf. 53 74 80 00 eller send ein e-post til postmottak@sveio.kommune.no og be om ein avtale med røystemottakarar.
Du treng ikkje grunngi kvifor du ønsker å røysta heime. Sveio kommune ønsker at så mange som mogleg skal få høve til å bruka røysteretten sin.
Du må be om røysting i heimen seinast: Informasjon kjem.
Førehandsrøysting på institusjon
Som tidlegare år blir det òg mogleg å førehandsrøysta på Sveio omsorgssenter.
Informasjon om tidspunkt kjem.
Fleire opplysningar om førehandsrøysting og valet generelt kan du få frå Servicekontoret,
på tlf. 53 74 80 00 eller e-post postmottak@sveio.kommune.no.
Røysta frå utlandet
Dersom du er på ferie eller er i utlandet av andre grunnar og ikkje får røysta i Noreg, kan du røysta på førehand hjå mange av dei norske utanriksstasjonane. Førehandsrøysting utanriks er mogleg frå 3. juli.
Røystene må vera kommunen i hende før kl. 17.00 dagen etter valdagen for at dei skal telja med i valoppgjeret. Veljaren er sjølv ansvarleg for å røysta på eit tidspunkt som gjer at førehandsrøysta kjem fram innan fristen.