Bålbrenning i Sveio kommune

I medhald av ”Forskrift om brannforebygging” blir det med dette gjort merksam på at all brenning av avfall, bålbrenning (også jonsokbål), halm-, gras- eller lyngsviing o.l. i eller i nærleiken av skog og anna utmark i Sveio kommune er forbode utan løyve frå brannsjefen i tida 15. april – 15. september.

Førespurnad om bålbrenning

Einskildpersonar, lag eller foreiningar som ønskjer brenna bål i denne perioden må på førehand innhenta løyve frå grunneigaren.
Vidare skal brannsjefen eller vakthavande brannbefal ha følgjande opplysningar før det blir gjeve løyve til brenning:

  • tid og stad for brenninga
  • føremålet – og kva som skal brennast
  • tilgang til sløkkjevatn
  • namn på grunneigar
  • namn på ansvarleg person
  • telefonnummer til ansvarleg person

Førespurnad om bålbrenning i Sveio kommune skal rettast til vakthavande brannbefal i Sveio brann- og redningsvesen, mobiltelefonnr. 918 93 780 same dag som brenninga skal gjennomførast.

Brenning av avfall

Etter ”Forurensningsloven” vil det ikkje bli gjeve løyve til brenning av bål som inneheld bos som gummi, trykkimpregnert trevyrke, bygningsavfall, plast, glasfiber o.l. Slikt avfall skal leverast på miljøstasjonen eller til anna godkjent mottak.
Det blir normalt ikkje gjeve løyve til brenning i tettbygde stròk, på søn- og helgedagar eller etter det er blitt mørkt.

All brenning som ikkje er klarert med brannvesenet på førehand og som medfører brannutrykking, kan bli meldt til politiet. Brannvesenet kan også krevja å få dekka dei faktiske kostnadene sine i slike tilfelle.

 

Brannsjefen i Sveio

Publisert av Natalia Soto Danmo. Sist endra 03.05.2017