Eldstad og skorstein

 

Installere, endre, rive eller reparere eldstad

Dette uløyser ikkje krav om søknad etter plan og bygningsloven. Du må likevel senda melding om installering av ny eldstad til brannvesenet slik at me får registrert rett eldstad på bygget ditt.

Det vert ikkje stilt formelle krav til den som skal sette opp eldstad. Me anbefalar likevel at du brukar kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.

Skjema: Melding om installering av ny eldstad (PDF, 92 kB)

Utfylt skjema kan skannast og sendast på e-post til postmottak@sveio.kommune.no eller sendast i posten til Sveio kommune, pb 40, 5559 Sveio.

Installering eller rehabilitering av skorstein

Installering av skorstein er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Ved nybygg er dette normalt ein del av den komplette byggesøknaden.

Ved rehabilitering må det søkjast særskilt. Ein må ha fagfolk til å gjere jobben og til å søkje om ansvarsrett for å utføre jobben.

Fritak for feie og tilsynsavgift

Ein får fritak frå feie og tilsynsavgift dersom:

  • ein ikkje har skorstein
  • ein ikkje har eldstad (plombert røykløp/sotrør)
  • eigedomen er ubebudd
  • eigedomen er registrert som fritidsbustad

For å søkje om fritak, bruk dette skjema (PDF, 137 kB)

Utfylt skjema kan skannast og sendast på e-post til postmottak@sveio.kommune.no eller sendast i posten til Sveio kommune, pb 40, 5559 Sveio.

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 10.08.2016

Kontakt

Tore Johann Enerstvedt
Tore Johann Enerstvedt
Branningeniør