Slik søker du

Sjekk først om du må søke, om du kan søke sjølv eller om du må ha hjelp av fagfolk.
Gå til artikkel "Må du søke"

Sjekk planar og føresegner for din eigedom

Før du byggjer, riv eller endrar må du sjekke kva planar og føresegner som gjeld for eigedomen din. Planar og føresegner er avgjerande for kva du kan gjere av endringar og kva du kan bruke bygget på eigedommen din til.

Bygging med og utan ansvarsrett

Gå til informasjon om bygging med og utan ansvarsrett

Byggesakspakke

Ved å bestille byggesakspakken hos oss, får du situasjonskartet du treng i byggesøknaden. Du får også eit kart med gjeldande reguleringsplanar og tilhøyrande reguleringsføresegner, og ei liste over naboeigedommar med hjemmelshavar.

Søknadsskjema

Last ned søknadsskjema. Ein del informasjon skal fyllast ut i sjølve søknaden og noko skal leggjast ved som vedlegg.

Innhald og vedlegg i søknaden

Skildring av kva du søkjer om

Eit kort følgjebrev som gjer det enkelt for saksbehandlar å sette seg inn i kva det vert søkt om.

Nabovarsel

Når du skal utføre byggjearbeid, må du varsle naboar. Naboane skal få sjå teikningar og situasjonsplan som viser kva du skal gjere. Dei skal også få minst 14 dagar til å uttale seg om byggjearbeida.

Når du sender inn søknaden, skal du leggje ved:

  • Ein kopi av nabovarselet
  • Ein kvittering som viser at naboane har motteke varselet
  • Eventuelle merknader frå naboane.

Teikningar og kart

  • Målsatt situasjonsplan i svart-kvit i målestokk 1:500.
  • Målsatte plan-, snitt- og fasadeteikningar.
  • Teikningar som viser sist godkjent situasjon. Dette finn du i saksinnsyn eller ved å møte opp i Servicekontoret.

Eventuell berekning av utnyttelsesgrad

Kor mykje du kan byggje på eigedommen din avhenger av kva reguleringsføresegnene tillét av utnytting og kor mykje som er bygd på eigedommen frå før. Dersom du skal gjere endringer som fører til auka bygningsvolum på eigedommen, må du medrekne den nye utnyttingsgraden.

For å rekne ut dette, må du bruke informasjon om kva som er areala på bygningar og konstruksjonar på tomta. Du kan bruke godkjente teikningar for din eigedommen eller måle opp dei bygningane og konstruksjonane som skal reknast med.

Ved enkle spørsmål, kan Servicekontoret rettleia deg, og ved kompliserte utrekningar oppmodar me å ta kontakt med fagfolk.

Du kan finne ut meir om grad av utnytting i regjeringen sin rettleiar.

Søknad om dispensasjon for nabogrense:

Hovudregelen er at bygningar skal plasserast minst 4 meter fra nabogrensa. Byggverkets plassering skal godkjennast av kommunen.

Dersom ikkje anna er bestemt i plan, skal byggverk ha ein avstand frå nabogrense som gjeven i føresegna eller som minst svarar til byggverket si halve høgde og ikkje under 4 meter.

Kommunen kan godkjenne at byggverk vert plassert nærare nabogrense eller i nabogrense:

a) når eigar eller festar av naboeigedommen har gjeve skriftleg samtykke

b) ved oppføring av frittliggande garasje, uthus og liknande mindre tiltak

Viss du har eit samtykke frå dei berørte naboene, eller viss bygningen har eit bruksareal eller bebygd areal på mindre enn 50 kvadratmeter, kan kommunen godkjenne en plassering nærare enn 4 meter.

Om bygningen vert plassert i strid med dette, må du søkje om dispensasjon.

Søknad om dispensasjon for avstand til veg:

Når du byggjer skal minsteavstanden til midten av regulert kommunal veg være 15 meter og 50 meter fra midten av regulert riksveg. Dersom du skal byggje nærare vegen enn dette må det søkjast om dispensasjon frå avstand til veg.

Les meir om dispensasjonar i plan- og bygningsloven § 19:

Avkøyringsplan:

Med avkjøyring forstås vegforbindelse mellom tomta og offentleg, regulert veg. Der tiltaket medførar endring i avkøyrsleforholda, må denne godkjennast i kommunen.

Dersom du skal endre, opprette eller endre bruk av avkøyrsel i forbindelse med en byggjesak, må du sende inn en avkøyrselsplan saman med byggjesøknaden. Dette kan gjelde f.eks større bruksendringar, nybygg eller oppretting av fleire bustadar. Avkøyrsel frå offentleg veg må vere godkjend av vedkommande vegmyndighet

Veglovgivninga sett krav til utforming av avkjøyrsel, her gjeld blant anna stigningsforhold, siktlinjar, snuplass og bredde. Avkøyrsla si tilknytning til offentlig veg må dirfor følgje føresegna i vegloven §§ 40 til 43.

Dersom adkomsten til tomten skal gå over annan manns eigedom, må det føreligge tinglyst rett til dette før det kan gjevast rammeløyve, jf. plan- og bygningslovens § 27-4.

Eventuelt annan dokumentasjon

Nokon reguleringsplanar stiller krav til ekstra dokumentasjon.

Send inn søknad

Last ned søknadsskjema og send søknaden i ein e-post til postmottak@sveio.kommune.no

Du kan også sende papirsøknad til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio eller levere søknaden ved oppmøte i kommunehuset i Sveio sentrum.

Sette i gang

Tiltaket skal være igangsatt i innan tre år etter at det er gitt byggjeløyve. Dersom byggearbeidet ikkje er igangsatt innan tre år, fell løyve bort og du må søkje på nytt.

Publisert av Natalia Soto Danmo. Sist endra 07.04.2017

Kontaktinfo

Servicekontoret
Send e-post
Telefon: 53 74 80 00

Byggesaksbehandlar

Anders Haukanes
Send e-post


 

Adresse

Besøksadresse
Sveio kommune
Sveiogata 70
5550 Sveio

Postadresse
Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio

Kart