Dispensasjonar

Tiltak som krev søknad etter plan- og bygningslova (byggjesaker og delingssaker) og som ikkje er i samsvar med kommuneplan, reguleringsplan eller lovverket krev dispensasjonssøknad i tillegg til ordinær søknad om tiltak. Slik dispensasjon skal vera grunngjeven og skal nabovarslast saman med varsling om sjølve tiltaket. Manglande nabovarsling om dispensasjon kan medføra krav frå kommunen om ny varsling.

Tiltak som normalt ikkje er søknadspliktige, men som er i strid med planar og lovverk må òg handsamast som dispensasjonssak. I tilfelle der tiltak normalt ikkje er søknadspliktige men der det er krav om dispensasjon vert tiltaket søknadspliktig.

I samband med søknader som skal handsamast som dispensasjonssaker kan det vera aktuelt for kommunen å først senda saka på høyring til offentlege styresmakter for avklaring før vedtak vert fatta. Dei offentlege styresmaktene har til oppgåve å vurdera dispensasjonssøknaden med utgangspunkt i overordna interesser for å sikre at tiltaket ikkje kan få negative verknader for samfunn og miljø.  

Dersom ein er usikker på om eit tiltak er i samsvar med planar og lovverket så kan ein ta kontakt med kommunen for avklaring.

I vedlagt link ligg rettleiar om dispensasjonar:
https://dibk.no/globalassets/bygg-uten-a-soke/informasjonsblader/dispensasjon.pdf

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 22.05.2017

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

Send e-post
Telefon: 53 74 80 00

Opningstider:
Mån.-fre. 0800-1530