Justering av eigedomsgrenser

For å gjere eiendomsgrensene meir hensiktsmessige, kan du søkje om å justere grenser eller overføre areal mellom eigedomane.

Kommuneplanen for Sveio kommune og reguleringsplanar regulerer kva ein kan gjere på ein eigedom. Det kan også vere aktuelt å søkje om dispensasjon frå kommuneplan / reguleringsplan.

Kva får du?

Me foretar anten grensejustering (endringar under 50 m² ) eller arealoverføring (ved større endringer).

Du får oppmålt, vist og merka eiendomsgrensa di, og du får sett ned offentlige grensemerke der det er mogeleg. Dei nye eiendomsgrensene blir registrert i eiendomsregisteret.

Krav til søkjar

Søknaden må være signert av eigar (hjemmelshaver).

Du må få samtykke fra eigarane av eigedomen som er involvert.

Kva kostar det?

Sjå prisar i gebyrregulativet (PDF, 486 kB)

Eventuelle tillegg

Tinglysingsgebyr koster 525 kroner per dokument.

Matrikkelbrev koster fra 175 til 350 kroner per stykk.

Slik søkjer du

Grensjustering:

  • Fyll ut søknaden: Skjema (PDF, 652 kB)
  • Lever søknaden til oss per e-post, post eller ved oppmøte.

Arealoverføring:

Følgjande skjema må fyllast ut:

  • Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett: Skjema
  • Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring: Skjema (PDF, 42 kB)
  • Erklæring om arealoverføring: Skjema
  • Eigefråsegn om konsesjonsfridom: Skjema
  • Nabovarsel: Skjema 5154
  • Opplysningar gitt i nabovarsel: Skjema 5155
  • Kvittering for nabovarsel: Skjema 5156
  • Og om naudsynt:
    - Stadfesting av pantefråfall
    - Eventuelt andre vedlegg (Til dømes utgreiingar og illustrasjonar)

Send søknaden til oss per post eller ved oppmøte. På grunn av orginale signaturar, kan du ikkje levere søknaden digitalt.

Postadresse: Sveio kommune,Postboks 40, 5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70, Sveio

Kva skjer vidare

Du får svar på søknaden innan 3 til 12 veker.

Dersom søknaden blir godkjent, startar saksbehandling og oppmåling. Saken er normalt gjennomført innan 19 veker frå løyve er gitt.

Me tek kontakt med deg og avtaler tidspunkt for møte og oppmåling.

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 20.08.2018

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

Send e-post
Telefon: 53 74 80 00

Opningstider:
Mån.-fre. 0800-1530