Seksjonering og reseksjonering

Seksjonering er å dele opp ein bygning i flere eigarseksjonar, slik at fleire kan eigekvarsin del av bygningen. Endringar av allereie seksjonerte eiendomar vert kalla reseksjonering.

Kva får du?

  • Du får delt opp bygningen i fleire eigerseksjonar, og eventuelt fordelt uteareal til ein eller fleire seksjoner.
  • Du får dokumentasjon med plassering av eierseksjonar og fordeling av sameiebrøk.
  • Du får eit matrikkelbrev.

Ved fordeling av uteareal, får du i tillegg

  • eksklusiv bruksrett til utearealet på din del av eiendommen.
  • koordinatbestemte bruksrettsgrenser.
  • satt ned offentlige grensemerker, viss det er mogeleg og ønskjeleg.

Krav til søker

Søknaden må være signert av eigar (heimelshavar).

Kva kostar det?

Sjå prisar i gebyrregulativet. (PDF, 486 kB)

Slik søker du

  • Fyll ut søknaden: Skjema (PDF, 3 MB)
  • Lever søknaden til oss per post eller ved oppmøte. Den kan ikkje leverast digitalt, fordi me må ha originale signaturar. Hugs å legge ved kontaktinformasjon (navn, telefonnummer, e-post og adresse). Viss saka gjeld seksjonering med uteareal treng me å kontakte eigarar for å avtale tidspunkt for oppmålingsforretning. Legg difor også med kontaktinformasjon til minimum ein eigar.
    • Postadresse: Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio
    • Besøksadresse: Sveiogata 70, 5550 Sveio

Kva skjer vidare?

Søknaden vert normalt behandla innan 12 veker, men på grunn av stor saksmengde må du rekne med økt saksbehandlingstid.

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 20.01.2017

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

Send e-post
Telefon: 53 74 80 00

Opningstider:
Mån.-fre. 0800-1530