Kommuneplan for Sveio kommune

 

Sveio kommune godkjente i desember 2016 planprogram for ny kommuneplan for Sveio. Målsettinga er å få lagt ut eit forslag til plan i løpet av 2019. I samband med at kommunen varsla oppstart av planarbeidet blei det opna for å koma med innspel til planarbeidet. No opnar kommunen i ein kort periode for dei som enno ikkje har fått anledning til å koma med innspel.

Innspela må vera så konkrete og tydelege at kommunen enkelt kan tyda og vurdera dei. Innspel som omhandlar nye eller endra arealføremål i planen må følgjast av eit kart som viser kva område som innspelet gjeld for. Det er òg fordel å leggja ved beskrivande tekst til karta. Jo meir detaljerte innspela er, desto lettare blir det å vurdera dei når dei skal konsekvensutgreiast. Innspela kan i tillegg til å visa nye arealføremål òg med fordel visa viktige areal for mellom anna friluftsliv, naturmiljø, rekreasjon og kulturmiljø.

Kart kan hentast ut på https://kommunekart.com/klient/Fonnakart/  og instruks for innlevering av innspel er å finna på kommunen sin heimesida.

Mal for innspel til kommuneplan for Sveio 2019-2032 (DOCX, 220 kB)

Tips til innspel til kommuneplanen 2019-2032 (PDF, 256 kB)

Gjeldande kommuneplan for Sveio kommune 2011-2023 (PDF, 18 MB)

Føresegner til gjeldande kommuneplan 2011-2023 (PDF, 347 kB)

Planstrategi for Sveio kommune 2016-2019 med planprogram for kommuneplanen 2019-2032 (PDF, 5 MB)

Barnetråkkregistreringar i Sveio kommune (PDF, 10 MB)

Frist for å koma med innspel er 22.12.2018

Innspela skal vera skriftlege og sendast som e-post til postmottak@sveio.kommune.no eller som brev til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio.

Har du spørsmål ta kontakt med samfunnsplanleggjar Åse Aleheim, ase.aleheim@sveio.kommune.no

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 06.11.2018