Graveløyve

Arbeidsvarsling skal vera etter Statens vegvesen si handbok 051 ”arbeidsvarsling”. Dersom vegar må stengast må det kartleggast om tilkomst til eigedommar kan skje på annan veg, eller det må vurderast andre provisoriske løysingar.

Før gravearbeidet tek til, skal søkjar kontakte oppsynsmann John Anders Semb, telefon  958 70 112, ved drift- og anleggsavdelinga.

Alle skader som vert påført ledningar, kummar, slukar, fastmerker og vegar er søkjar sitt ansvar, og desse skal omgåande utbetrast.

Tilbakefylling må skje med ikkje telefarlege massar.  For å  unngå setningar, må dei øverste 50 cm berre fyllast med pukk, og på toppen min. 10 cm. med grusblanda maskinknust pukk. Topplag i  vegen må det leggjast grus.

Grøfta må komprimerast med vals/vibrator før asfaltering.

Ved asfaltering av grøfta skal det reinskjerast ca. ½ m utanfor grøftetraseen. Asfalt skal fresast/ limast i skøytar. Asfaltskøyt skal som hovudregel ikkje gå gjennom kumlokk/-ramme eller liknande gategods. Det skal nyttast asfalt av tilsvarande type og tjukkleik som den som blir fjerna dersom ikkje anna er avtalt.

I asfalterte vegar overtar ikkje kommunen ansvaret for grøfta før asfaltering er føretatt.

I vinterhalvåret, når asfaltverka er stengt, skal grøftene lappast provisorisk med kaldasfalt.

Ved alle grøftearbeid i offentlige vegar vil ein krevja  2  års garanti for utført arbeid.

Garantien gjeld frå det tidspunktet arbeidet er ferdigmeldt og godkjent av Sveio kommune.

Feil og manglar som oppstår i garantitida skal utbetrast av søkjar.

Når søkjar ser seg ferdig med arbeidet skal oppsynsmann kontaktast for ferdigbefaring.

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 22.02.2017