Vatn og avløp

Betalingssatsar for kommunale gebyr 2020 (PDF, 350 kB)

Tilknyting til offentleg vass- og avløpsnett

Du må søkje kommunen om løyve når du skal koble private vass- og avløpsledningar til kommunalt eller anna offentleg VA-nett.

Du må søkje både ved første gongs tilkopling, og ved seinare endringar og utvidingar av eksisterande tilkopling.

Tilkoplingsgebyr er eit eingongsgebyr som må betalast i samband med at du knytar eigedommen din til det kommunale vass- og kloakknettet, eller at du får pålegg om slik tilkopling. 

Slik søker du

For å kunne knytte deg til det offentlege vass- og avløpsnettet må du søkje kommunen om tilknyting. Det kan gjelde for nye byggjetiltak eller dersom du får pålegg om tilknyting etter reglane i plan- og bygningslova. 

Skjema
Tilkopling til offentleg vatn/avløp (PDF, 133 kB)

Melding om røyrleggjararbeid (PDF, 131 kB)

Ferdigmelding røyrleggjararbeid (PDF, 303 kB)

Digitalt ledningskart

Ein kan ta kontakt med einingsleiar Frederik Aalo Flood , tlf.53748063, e-post: frederik.aalo.flood@sveio.kommune.no for å få ledningskart i pdf-format. Oppgi gards- og bruksnummer, målestokk, arkformat og e-postadresse, så vert det sendt elektronisk.

Søknad om utslepp frå mindre avløpsanlegg

Gå til informasjon om søknad om utslepp frå mindre avløpsanlegg

Søknad om utslepp av oljehaldig avløpsvatn

Skjema:

Søknad om utslepp av oljehaldig avløpsvatn (PDF, 209 kB)
 

Slamtømming

Les meir om slamtømming på SIM sine nettsider: http://sim.as/ditt-avfall/slam/

Informasjon om slamtømming 2019 (PDF, 154 kB)

Produksjon og leveranse av reint vatn i Sveio kommune

Produksjon og leveranse av reint vann er ei særs viktig teneste for kommunen. Totalt på eit år nyttast det ca 930.000m3 reint vatn i Sveio kommune. Me reknar at ein husholdning med 4-5 personar nyttar ca 1 m3 reint vatn dagleg.  

Publisert av Janne Therese Stol Bådsvik. Sist endra 15.01.2020

Kontaktinfo

Leiar drift og anlegg
Frederik Aalo Flood
Telefon: 53 74 80 63
E-post: frederik.aalo.flood@sveio.kommune.no

Vakttelefon Vatn og avløp:
915 38 730