Vedlikehald av kommunale vegar

Du kan melde frå til kommunen dersom det er forhold ved ein kommunal veg som svekkjer framkomsten eller trafikktryggleiken.

Servicetorget på telefon 53 74 80 00 i opningstida 08:00–15:30

Teknisk vakttelefon 95 87 01 12

Kva er kommunen sitt ansvar?

Kommunen har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Statens vegvesen har ansvaret for riks- og fylkesvegar. Vedlikehaldet omfattar køyrebane, bankettar, skråningar og dreneringssystem. 

Oppgåvene kan vere:

  • brøyting og strøing
  • feiing og reinhald
  • klipping av vegetasjon
  • vegoppmerking og skilting
  • fjerning av søppel

Omfanget av desse oppgåvene blir vurdert ut frå behov og kommuneøkonomi. Dersom vegtilstanden er slik at det oppstår skader eller ulukker, gjeld dei allminnelege erstatningsreglane.

 

 

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 22.06.2016