Ryvarden kulturfyr

Ida Kristin Vollum Å besøke Ryvarden Kulturfyr utan å kjenne at naturen og dens krefter påverkar kropp og sjel er ikkje mogeleg. Neset fyret ligg på, strekker seg ut i havet som for å bera deg lengst mogeleg ut i den storslåtte opplevinga av møtet mellom hav og himmel. Om hauststormane herjar og du nærmast må legge deg på vinden her ute, eller om havet ligg blikk stille, kryp inntrykka inn under huden og vert verande.

Du kan rusle den halvtimes turen ut for trimmen og naturopplevinga sin del. I tillegg kan du få med deg kunstutstilling i galleriet, og nyte nysteikte vaflar. Du kan til og med få oppleve å bu her ute i havgapet, og frå vindauga vil du ha panorama med himmel og hav i tre retningar.

Og kanskje du får oppleve å sjå kobben som held seg ved Ryvarden. Han likar å vise fisken han fangar, og ertar måkane med den. Eit syn for auga! Er du heldig, kan du også oppleve havørna, orrhøner og rådyr.

Uansett kva du velger, veit vi at det vil vere ein unik oppleving og du vert ønska hjarteleg velkommen.

Gå til Ryvarden kulturfyr sine nettsider.