Situasjonen i Ukraina

All relevant informasjon frå Sveio kommune om situasjonen i Ukraina og beredskap i samband med denne vil bli publisert på denne temasida.  

Informasjon til ukrainarar / Information for Ukrainians / Інформація для українців (Updated!)

Ukrainarar som kjem til Noreg no blir oppfordra til å registrera seg hos politiet

Ukrainarar som no kjem til Noreg kan få mellombels opphald dersom dei registrerer seg hos politiet.

Sveio kommune høyrer til Sør-Vest politidistrikt, og ukrainarar kan møta opp på Haugesund politistasjon (Smedasundet 50, Haugesund) for å registrera seg kl. 08.00–23.00. Du treng ikkje kontakta politiet før du møter opp. 

Dersom du allereie har registrert deg, treng du ikkje gjera dette på nytt.

Les meir på Utlendingsdirektoratet (UDI) sine nettsider (norsk og engelsk versjon), og på politiet sine nettsider (norsk og engelsk versjon). 

***

Ukrainian citizens arriving in Norway are recommended to register with the police

Ukrainians who are now arriving in Norway will be granted a temporary residence permit if they register with the police.

The municipality of Sveio belongs to the Southwestern Police District, and Ukrainian citizens may register at Haugesund Police Station (50 Smedasundet, Haugesund) to register between the hours of 08.00 and 23.00. You do not need to contact the police beforehand. 

If you are already registered, you do not need to register again. 

You can find more information on the website of the Norwegian Directorate of Immigration (UDI) (Norwegian and English version) and the website of the police (Norwegian and English version).

***

Українці, які зараз приїжджають до Норвегії, закликаються стати на облік у поліції

Українці, які зараз приїжджають до Норвегії, можуть отримати дозвіл на тимчасове перебування, якщо зареєструються в поліції.

Муніципалітетний округ Свейо належить до Південно-Західного поліцейського округу, і українці можуть прийти в поліцейський відділок Хаугесунна за адресою: Smedasundet 50, Haugesund, щоб зареєструватися з 08:00 до 23:00. Вам не потрібно звертатися до поліції попередньо.

Якщо ви вже зареєструвалися, вам не потрібно робити це знову.

Детальніше читайте на веб-сайті Норвезького управління імміграції (UDI) (норвезька та англійська версія), а також на веб-сайті поліції (норвезька та англійська версія).

Oppdatert 24. mars 2022

Tilby bustad til flyktningar

Sveio kommune skal finne eigna bustadar til flyktningar som skal busettast i kommunen. Privatpersonar eller andre som ønsker å leiga ut bustad, kan ta kontakt med kommunen på e-post postmottak@sveio.kommune.no

Har du busett flyktningar?

Sveio kommune ber personar som har busett flyktningar frå Ukraina i heimane sine om å ta kontakt med kommunen slik at me kan få registrert og få oversikt over desse.

Ta kontakt måndag–fredag kl. 09.00–15.00 med anten:

  • Anne-Gunn Bjørnevik
    tlf. 957 01 691
     
  • Linda Elvira Rode Følsvik
    tlf. 900 20 143

Publisert 28. mars 2022

Kommunen vil ta imot 35 flyktningar

Kommunen er kjent med at det pr. no er komme åtte ukrainske flyktningar til Sveio. 

Basert på dagens kapasitet har formannskapet vedtatt at Sveio kommune kan ta imot til saman 35 flyktningar. Men dersom situasjonen endrar seg og behovet blir større, vil rådmannen – i samråd med formannskapet – ha dialog med Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) om ytterlegare busetting. 

Saka for formannskapet kan lesast her

Publisert 28. mars 2022

Jodtablettar og atomberedskap

Lite sannsynleg at det blir behov for å ta jodtablettar

Mange lurer på om dei på grunn av krigen i Ukraina bør skaffa seg jodtablettar, og om det kan bli nødvendig å ta slike tablettar her i Noreg.

Sveio kommune har eit lager av jodtablettar til å dekka eit eventuelt behov for barn og unge under 18 år, gravide og ammande. 

Det er Kriseutvalet for atomberedskap som avgjer om det skal delast ut jodtablettar. Sveio kommune set ikkje slik utdeling i verk sjølv.

Dersom me skulle få ein situasjon der kriseutvalet gir råd om å ta jodtablettar, vil rådet gjelda for:

  • barn og unge under 18 år
  • gravide
  • ammande

Ei eventuell utdeling av jodtablettar vil skje på skular (til elevar og barnehagebarn) og på kommunehuset (til gravide/ammande). 

Ved svært alvorlege ulukker kan òg andre vaksne under 40 år få råd om å ta jodtablettar.

Meir informasjon om dette finst på Statsforvaltaran i Vestland sine nettsider.

Om atomberedskapen i Noreg

Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) har god informasjon om atomberedskapen i Noreg på sine nettsider

  • Nasjonalt: Kriseutvalet for atomberedskap har ansvar for, og fullmakt til, å setta i verk tiltak for å redusera konsekvensane etter ei atomulukke.
  • Regionalt: Statsforvaltaren skal sørga for koordinering av informasjon og krisehandtering i fylka, og bidra til å setta i verk samordna tiltak regionalt og lokalt.
  • Lokalt: Kommunane skal ha oppdaterte beredskapsplanar for atomberedskap.

Sveio kommune har ein beredskapsplan for atomhendingar som er utarbeidd etter eit plangrunnlag frå Statsforvaltaren og Statens strålevern.

Planen inneheld ein del tiltak som kan settast i verk dersom sentrale myndigheiter gir melding om det. Kommunen får meldingar frå kriseutvalet via Statsforvaltaren, og vårt ansvar her lokalt er å vareta innbyggarane og i størst mogleg grad oppretthalda normal drift.

Varslingssystem

Sveio kommune kan varsla alle innbyggarane i kommunen via SMS.

Publisert 8. mars 2022