Quiz om Sveio

Av David Tørre Asprusten

Hei! Eg heiter David og er quizforfattar. Ein sommardag i 2023 vart eg ståande på Egersund stasjon. Tre andre som venta på same tog var Sveio-systrene Vibeke og Hildegunn og dottera Ane (8). Dei skulle til Kristiansand Dyrepark, men toget lét vente på seg. Difor laga eg ein quiz til dei. Det var lurt, for det gjekk tre timar før toget kom. Me hadde ei kjekk stund, og Vibeke ville gjerne leggje ut quizen her. 20 spørsmål om Sveio kommune. Lukke til!

1. Sveio kommune ligg heilt sørvest i kva for eit fylke? 2. Nemn ein av dei to kommunane som har landegrense mot Sveio. Båe ligg i nabofylket Rogaland. 3. Kva kallar me ein person frå Sveio? 4. Kva komponist (1887–1952) er truleg den mest berømte personen frå kommunen? Eit kjent verk av han er "Kirkegården ved havet". Heimen hans er museum. 5. Kva slags kyrkjegard var Leirvågen, som inspirerte "Kirkegården ved havet"? 6. Kva for eit av verba sveitte, svi og svinge har namnet Sveio samanheng med? 7. Forfattar Einar Økland passerte i 2020 kva rund alder? 8. Kva heiter den kjende fyrstasjonen i Sveio, oppretta i 1849? Sleipner-ulukka i 1999 var her. 9. Kva tettstad i kommunen deler namn med ein norsk by? Byen ligg på Vestlandet. 10. Kva "kan aldri vara evig", ifylgje songen til Stanley Jacobsen? 11. Kva for eit bispedøme ligg Sveio i? Ragnhild Jepsen vart ny biskop i 2023. 12. Kva for eit lagdøme høyrer Sveio til? 13. Når du forlèt kommunen nordover på E39, kjem du snart til ei stor øy. Er det Bømlo, Stord eller Tysnesøya? 14. Kva slags plante er i kommunevåpenet til Sveio? 15. Er folketalet til kommunen om lag 2000, 6000 eller 12 000? 16. Kva heiter den lange fjordarmen til Bømlafjorden som går sørover mellom Sveio og Vindafjord? 17. På kva målform er lokalavisa Vestavind? 18. Kva heiter ekstremmetallbandet, der vokalist og bassist er frå Sveio, som vann Spelemannprisen fem gongar? 19. Kva for ei Cecilie vart kåra til årets beste norske fotballspelar i 2009, berre 19 år gamal? 20. Korleis vil ein med sunnhordlandsdialekt seie substantivet "hus" i bestemt form fleirtal?