Serveringsløyve

Personar eller føretak som ønsker å driva serveringsverksemd som næring, må ha serveringsløyve frå kommunen. Kravet gjeld alle stader som driv servering av mat og/eller drikke og der forholda ligg til rette for å innta maten/drikka på staden.

Søknad om serveringsløyve blir behandla etter lov om serveringsverksemd av 13. juni 1997 nr. 5 (serveringsloven). Dersom søknaden gjeld serveringsløye blir den behandla administrativt i kommunen. Behandlingstida vil vera ca. éin månad.

Dersom søknaden gjeld både serverings- og skjenkeløyve, må søknaden behandlast av hovudutval for helse og omsorg, formannskapet og kommunestyret. Behandlingstida vil då bli lenger avhengig av den politiske møteplanen. I så tilfelle er det eigne søknadsfristar. Desse finn du på informasjonssida om skjenkeløyve, under "Gebyr, behandlingstid og søknadsfrist".

I tillegg til å søka om serveringsløyve frå kommunen, må ein melda inn verksemda til Mattilsynet. Det gjer du her. Du må melda frå til Mattilsynet før du søker kommunen om serveringsløyve. Stadfesting på levert melding skal leggast ved serveringsløyvesøknaden.  

For kvart løyve skal det godkjennast ein dagleg leiar. Dagleg leiar må vera myndig og vera den som har det reelle ansvaret for den daglege drifta av serveringsstaden, jf. serveringsloven § 4 i serveringslova. Dagleg leiar må ha gyldig etablerarprøve. Dette er ein kunnskapstest om serveringsloven, denne kan du lesa meir om her.

Etablerarprøven kan bli tatt på kommunehuset. Ta kontakt med Servicekontoret for å gjera avtale om tidspunkt. Prøvegebyret er kr 400,– og skal betalast før du tar prøven. Prøven er elektronisk og varer inntil 90 minutt, og inneheld 50 spørsmål. Kvart spørsmål har tre svaralternativ, der berre eitt av alternativa er riktig. For å få godkjent prøve må du ha minst 40 rette svar. Det er tillate å ha eit eksemplar av serveringsloven som hjelpemiddel, men ordbøker er ikkje tillatne. Før prøva startar må du legitimera deg i Servicekontoret og levera frå deg ting som kan oppfattast som hjelpemiddel, inkludert mobiltelefon.

Læremateriell til etablerarprøven kan ein bestille i nettbutikken til Vinn.

Søknadsskjema for serveringsløyve finn du til høgre på denne sida (eller nedst i artikkelen dersom du les dette på mobiltelefon).

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

E-post: postmottak@sveio.kommune.no
Telefon: 53 74 80 00
Telefontid sentralbord: 08.30-13.00

Opningstid:
Mån.–fre. 08.00-15.30
 

Kart