Kommunal planstrategi

 

I samsvar med plan- og bygningslova § 10-1 skal kommunane i Noreg utarbeida og vedta ein kommunal planstrategi innan eitt år etter at nytt kommunestyre blir konstituert. I planstrategien skal kommunane visa dei strategiske vala knytt til samfunnsutviklinga. Tema som bør inngå i planstrategien er langsiktig arealbruk, miljøutforringar, sektorane si verksemd og ei vurdering av kommunen sitt planbehov i valperioden, inkludert vurdering om kommuneplanen skal reviderast.

Sveio kommunestyre fatta i møte 15.06.2020, sak KOM-067/20, vedtak om å godkjenna ny planstrategi for perioden 2020-2023.  I ny planstrategi og i samband med utarbeiding av ny kommuneplan er visjonen til kommunen justert noko. Tidlegare visjon var Vilje til vekst – ein god stad å bu .

Ny visjon til Sveio kommune er: Vilje til vekst og ein god stad å leva

I stor utstrekning er planstrategien ei vidareutvikling av planstrategien frå førre periode (2016-2019). Kontinuitet i dei strategiske vala skapar føreseieleg samfunnsutvikling og gjev kommunen tid til å ferdigstilla planprosessar og få dei gjennomførte.

Hovudfokus i planstrategien er dei strategiske vala, som legg grunnlaget for det kommunale utviklingsarbeidet. Desse punkta er likevel ikkje utfyllande for den samla kommunale aktiviteten. Kommunen vil sjølvsagt òg arbeida med andre viktige tema og oppgåver, sjølv om dei ikkje er nemnde konkret i planstrategien.

Dei strategiske vala er

  • skapa arbeidsplassar
  • stimulera til bustadbygging med fokus på prinsippa om samordna arealplanlegging
  • styrkja sentrumsutviklinga og senterstrukturen for å sikra god tilgang til handel, tenester og servicefunksjonar for innbyggjarane
  • det er ønskje om vekst i heile kommunen
  • sikra gode og trygge trafikkforhold
  • sikra gode bumiljø med tilgang til daglege funksjonar
  • samarbeida med nabokommunar, og vera med å støtta Haugesund og Leirvik som regionsenter
  • vidareutvikla god tenesteyting til innbyggjarane
  • styrkja skulen i forhold til kunnskap i lesing og rekning
  • sikra gode grøntområde og tilgang til friluftsliv
  • aktivt utvikla potensialet det er å vera ein kystkommune
  • vidareutvikla dei kulturfyrtårna kommunen allereie har og leggja meir vekt på reiseliv, turisme og oppleving i kommunen
Kommunal planstrategi
Tittel Publisert Type
PLANSTRATEGI FOR SVEIO KOMMUNE 2020-2023

04.01.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned PLANSTRATEGI FOR SVEIO KOMMUNE 2020-2023.pdf
FHI Folkehelseprofil for Sveio kommune 2020

04.01.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned FHI Folkehelseprofil for Sveio kommune 2020.pdf
Folkehelseoversikt for Sveio 2019

04.01.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Folkehelseoversikt for Sveio 2019.pdf
Saksframlegg - Kommunal planstrategi 2020-2023

04.01.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Saksframlegg - Kommunal planstrategi 2020-2023.pdf

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

E-post: postmottak@sveio.kommune.no
Telefon: 53 74 80 00
Telefontid sentralbord: 08.30-13.00

Opningstid:
Mån.–fre. 08.00-15.30