Hjelpemiddel

Sveio kommune har vedtatt at mottaksstaden for hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral Vestland skal vera ved Sveio omsorgssenter (SOS). Her er òg det kommunale lageret av hjelpemiddel.

Kommunen sitt korttidslager – ved akutt og kortvarig behov for hjelpemiddel

Kommunen har ansvar for hjelpemiddel til korttidsutlån (sjukdom eller skade som vil vara kortare enn to år) og til brukarar som bur på institusjon.

Kommunalt lager låner ut hjelpemiddel for ein kortare periode. Dette er eit utval hjelpemiddel til akutte sjukdommar og skade, f.eks. krykker.

Varig behov for hjelpemiddel – ved lengre periode enn to år

Dersom du har varig behov for hjelpemiddel, kan du få stønad til dette gjennom NAV Hjelpemiddelsentral.

Du kan få hjelp til å setta fram krav om hjelpemiddel frå tilsette i helse- og omsorgstenesta i kommunen. Kravet skal meldast til Tenestekontoret i Sveio, då det er kommunen har ansvar for utgreiing av behovet for hjelpemiddel og for opplæring i bruk. Ved søknad treng du sakkunnig uttale frå fysioterapeut, og i visse tilfelle uttale frå fastlegen.

Kommunen køyrer ut dei større hjelpemidla til aktuelle brukarar, og tilpassar dei og viser korleis dei fungerer. Dei minste hjelpemidla skal hentaast på Sveio omsorgssenter av pårørande eller brukar sjølv.

Slik søker du

Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)

Søknadsskjema skal sendast til:

Sveio kommune v/Tenestekontoret
Sveio omsorgssenter
Løkjavegen 35
5550 Sveio.

Reparasjon av tekniske hjelpemiddel og anna hjelp

Ved reparasjonar av hjelpemiddel utlevert av kommunen, kan du ta kontakt med:

Mariann Svendsen
fysioterapeut / ansvar for hjelpemiddel
908 26 956

Beathe Sydnes Ekrheim
ergoterapeut / ansvar for hjelpemiddel
908 27 299

Du kan òg få hjelp til tilpassingar og skriving av søknadar. Heimetenesta er òg ein naturleg samarbeidspartnar.

Kor mykje er utlånt i Sveio kommune?

Den siste statistikken frå Hjelpemiddelsentralen viser at det blir lånt ut hjelpemiddel til ein verdi av ca. 3 millionar kroner i Sveio kommune kvart år frå staten. Med bil og arbeidshjelpemiddel frå trygdekontoret i Sveio er summen ca. 4–5 millionar kroner.

Det er til ei kvar tid hjelpemiddel for ca. 16 millionar kroner på utlån frå hjelpemiddelsentralen i Vestland fylke til brukarar i Sveio kommune. Då kjem bilar og tilpassing av bil og arbeidsplassar utanom.

Årlig utlån er på ca. 750 hjelpemiddel.

Kontaktinfo

Fysio- og ergoterapitenesta

Tlf.: 53 74 82 17

Mariann Svendsen
Fysioterapeut / ansvar for hjelpemiddel

Beathe Sydnes Ekrheim
Ergoterapeut / ansvar for hjelpemiddel
( Er i permisjon, Elisabeth Helgesen er vikar tom februar 2024) 

Karethe Markhus Breiteig
Fysioterapeut / ansvar for hjelpemidlar

Tenestekontoret

Opningstid: Mån.–fre., kl. 08:30–15:00

Tlf.: 53 74 82 20

E-post: tenestekontoret@sveio.kommune.no

Besøksadresse: Løkjavegen 35, Sveio omsorgssenter

Postadresse: Løkjavegen 35, 5550 Sveio

Kart