Praktisk bistand

 

PRAKTISK BISTAND er eit tilbod til deg som grunna sjukdom og nedsett helse treng praktisk hjelp for å greie daglege gjeremål. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime. Tenesta er eit månadsabonnement regulert i Forskrift om eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester. Satsar for eigenbetaling vert vedtekne av kommunestyret kvart år. Prisen for praktisk bistand blir bestemt ut frå husstanden si samla skattbare nettoinntekt før særfradrag. Du mottek faktura frå kommunen i etterkant kvar månad.

Kriterier/vilkår: 

Du har krav på bistand hvis du ikkje kan dra omsorg for deg sjølv eller er avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie daglege gjeremål. Du har eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom,funksjonshemming,alder eller av andre årsakar.

Kva kan eg få hjelp til?

  • Alminneleg reingjering av rom som er i dagleg bruk; golvvask, støvsuging og vask av bad/WC.
  • Hjelp til vask av kle i vaskemaskin
  • Skift av sengekle.
  • Hjelp til å handle inn naudsynte hushaldsvarer. Handling vert som hovudregel utført ein gong pr veke.

Oppgåver som heimehjelp ikkje inkluderer

  • Stryking av klede
  • Reingjering av område over "skulderhøgd" eller av rom som ikkje er i bruk
  • Opplæring til hushald
  • Hagearbeid
  • Nedvask
  • Baking
  • Rydding og vasking etter friske pårørande eller besøkjande
  • Hjelp til kjæledyrhald
  • Flytting av bossdunkar i fellesareal
  • Frakting av boss til bossfylling
  • Gjere i stand til høgtider
  • Flytting av møblar

Lovverk:

Dette er ein lovpålagt teneste.

Slik søker du:

Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen. Det må liggje føre ein skriftleg søknad.

Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)

Søknaden skal du sende til: 
Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio Omsorgssenter, 5550 Sveio.

Tenestekontoret behandlar søknaden og det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon 

Saksbehandlar ved Tenestekontoret kan hjelpa deg å utforme ein skriftleg søknad.
Hvis ein annan søker på vegne av deg, må vedkommande ha fullmakt. Søknaden må bli signert av deg.

Les meir om tenestekontoret her
 

 Ved øyeblikkelig hjelp kontakt: 

  • Legevakt: tlf. 116117 
  • Medisinsk nødhjelp: tlf. 113

Betalingssatsar:

Gå til betalingssatsar for Sveio omsorgssenter (PDF, 753 kB)

Kontaktinfo

Avdelingsleiar heimetenesta:
Eiren Børven

Telefon:
53 74 82 51 og 53 74 82 55

Telefontid heimetenesta:
08:00-11:45
12:45-15:00

Tenestekontoret
Telefon: 53 74 82 20
Telefontid: 08:30-15:00

E-post: tenestekontoret@sveio.kommune.no

Besøksadresse:Løkjavegen 35, Sveio omsorgssenter
Postadresse: Løkjavegen 35, 5550 Sveio