Følgekort (ledsagerbevis)

Følgekort er for personar som på grunn av funksjonsnedsetting, har behov for følgeperson (ledsager) på arrangment, kollektivreiser og fritidsaktivitetar. Ordninga er eitt av fleire tiltak for å førebygga isolasjon og gi auka livskvalitet til personar med funksjonsnedsetting.

Eit følgekort gjer det mogleg å ta med seg ein følgeperson på kultur- og fritidsarrangement og på transportmiddel kor ordninga er akseptert. Følgepersonen blir med kostnadsfritt eller med rabatt. Du betaler sjølv gjeldande prisar.

Kven kan få følgekort

Følgekort er rekna på personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne, med behov for hjelp for å kunna delta på arrangement og bruka offentleg transport.

Korleis søka om følgekort

Skjema: Søknad om helse- og sosialtenester (PDF, 167 kB)

Når du har søkt, har kommunen plikt til å gi deg ei skriftleg avgjerd (enkeltvedtak), anten du får innvilga følgekort eller ikkje. I vedtaket skal det stå kva teneste du har fått, kor omfattande dei er og korleis dei blir organisert.

Dersom du får avslag på søknaden din, skal dette grunngivast.

Kommunen har oversikt over kva stader du kan bruka følgekort

Det er den einskilde arrangør eller verksemd som avgjer om dei aksepterer følgekort, og kva rabatt følgekortet gir. Kommunen har informasjon om kva stader følgekortet blir akseptert. Du kan òg kontakta den einskilde arrangør eller verksemd direkte.

Klage ved avslag på ledsagerbevis

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket du har fått, kan du klaga. Dette gjeld både dersom du er ueinig i omfanget av tenesta eller dersom du har fått avslag på søknad om følgekort. Klage må gjerast skriftleg, og du kan få rettleiing frå kommunen i korleis du skal klaga

Klagen skal sendast til kommunen. Administrasjonen vil så vurdera saka på nytt. Dersom administrasjonen ikkje gir deg medhald i klagen, går saka til behandling i formannskapet. 

Kontaktinfo

Evy Kjellevold
Einingsleiar habilitering
Telefon: 53 74 81 92
Send e-post

Habilitering fagteam
Telefon: 53 74 82 95