Parkeringskort

Parkeringsløyve for forflytningshemma

Tildelinga blir gjort etter ei streng vurdering der berre dei med størst behov får tildelt parkeringsløyve.

Parkeringsløyve blir som hovudregel innvilga til dei som har problem med å finne parkeringsplass ved bustad eller arbeid og/eller dei som ofte er til behandling på sjukehus, klinikkar og liknande der det er vanskeleg å setje frå seg bilen.

Vilkår for parkeringsløyve:

  • Søkjar må ha store forflytningsvanskar - må dokumenterast med legeerklæring.
  • Søkjar må ha eit særleg behov for parkeringslette ved til dømes bustad, arbeid eller i samband med annan aktivitet som legebesøk, behandling eller liknande.

Søkjar må oppfylle begge vilkåra. Legeerklæringa er berre det medisinske grunnlaget for å vurdere behovet for parkeringslette. I sjølve søknaden må søkjar få fram opplysningar som tilseier at han /ho har særleg behov for parkeringslette.

Parkeringsløyvet

  • Kortet kan brukast på p-plassar som er reservert for forflytningshemma ved offentleg vegskilt.
  • Kortet kan brukast på offentlege avgiftsparkeringsplassar utan å betale avgift også utover maksimaltida og på stader der det er innført bustadsoneparkering.
  • Kortet gjeld ikkje på private parkeringsplassar/private parkeringshus. Her må avgift betalast.
  • Kortet gjeld ikkje utover fastsett parkeringstid på underskilt som reserverar parkering for bestemte trafikantgrupper.
  • Dersom kortet er gyldig i minimum 2 år gir det rett til fri passering i bomring og fritak for piggdekkavgift i Oslo. Nb: Fritaket er ikkje automatisk, du må søkje bompengeselskapet om fritak.
  • Kortet gjeld ved parkering i utlandet, men etter reglane i kvart enkelt land.
  • Kortet må alltid liggje godt synleg i bilruta, med gyldighetsdato synleg.
  • Kortet er personleg og kan berre nyttast av innehavar av kortet. Ubrukte kort må leverast tilbake til kortutstedar.
  • Kortet gir ikkje høve til å parkere i strid med vanlege trafikkreglar og parkeringsskilt.

Kven kan søkje?

Odninga med parkeringsløyve er berekna på forflytningshemma bilførarar.
Forflytningshemma passasjer med særleg behov for parkeringslette kan også bli innvilga parkeringsløyve for forflytningshemma

Ta kontakt med servicekontoret for søknadsskjema eller skriv ut søknadsskjema for søknad om parkeringsløyve for forflytningshemma (PDF, 526 kB)

Adresse

  • 53 74 80 00
    (Man.–fre. kl. 08.30 - 13.00)
  • E-post: postmottak@sveio.kommune.no
  • Sveiogata 70
    5550 Sveio