Skule

I Sveio har me ein kombinert barne- og ungdomsskule, eit oppvekstsenter og tre reine barneskular. I tillegg har Sveio kommune vaksenopplæring for vaksne.
 
4 av skulane har SFO ordning. 

Innskriving av nye elevar i grunnskulen

Alle born i Sveio som skal starta i skulen påfølgjande år, vil få brev frå den aktuelle skulen dei soknar til (nærskulen). Innskriving i skulen skjer digitalt. Informasjon om dette kjem til føresette i Visma Flyt Skole.

Det kan godkjennast utsett skulestart med eitt år etter søknad frå foreldra/dei føresette. Likeeins er det høve til å søkja om framskoten skulestart dersom barnet fyller 5 år innan 1.april påfylgjande år. Avgjerd om utsett eller framskoten skulestart skal takast etter sakkunnig vurdering av PPT. Søknaden skal sendast den aktuelle skulen . Søknadsfrist for begge delar: 1.januar.

I følgje opplæringslova § 8-1, andre ledd, er det høve til å søkja om skulegang ved ein annan skule enn den eleven soknar til. Rektor ved skulen eller skulekontoret vil kunne gi nærare informasjon om saksgang.

Velkommen til Sveioskulen!

Skulestart

Kva dato skulen skal starta, finn du ved å klikka inn på skuleruta . Skulestart hos oss er mellom den 15. og 20. august. Skulane våre startar og endar  til litt ulike tider, dette grunna skuleskyssen som blir koordinert for heile kommunen.

 

Ofte stilte spørsmål

Retten til eit trygt og godt skulemiljø

Frå 1. august 2017 er det vedtatt nytt regelverk om skulemiljø. Alle elevar har rett til å ha det trygt og godt på skulen og om eleven blir mobba eller krenka, skal skulen reagera straks.

Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing og tydelege krav til kva skulen skal gjera når ein elev ikkje har det godt i skulekvardagen. Om skulen ikkje reagerer snart eller gjer nok, kan elev og føresette kontakta Statsforvaltaren som har fått endra oppgåver i forhold til skulemiljøet til elevane.

I det nye regelverket går det fram at skulane skal informera elevar og foreldre om rettane i opplæringslova § 9A. Skulane skal og informera om aktivitetsplikta og rolla til Statsforvaltaren i denne type saker.

Elevane si velferd

Ein kan kontakte Statsforvaltaren på telefon eller mail, eller ein kan skrive brev til:

Statsforvaltaren i Vestland
Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger

Telefon: 57 64 30 00
For E-post, gå inn på: Statsforvaltaren i Vestland si kontaktside

Språk-, lese- og skriveplan for Sveio

Sveio kommunestyre vedtok 1. oktober 2018 ein ny språk-, lese- og skriveplan for barnehage og skule i Sveio. Planen skal hjelpa til med å skapa ei samanhengande god språkopplæring frå borna startar i barnehagen som eittåringar til dei går ut av ungdomsskulen som sekstenåringar. Planen byggjer på rammeplanen for barnehagen og læreplanverket for grunnskulen, og er utarbeidd med god deltaking frå tilsette i barnehage og skule. Planen finn du til høgre, under fil.

Kontaktinfo

Elisabeth Nygaard
Kommunalsjef oppvekst og kultur

E-post: 
elisabeth.nygaard@sveio.kommune.no

Telefon:53 74 80 92