Kommunale helsetenester på Helsenorge

Du kan enkelt og trygt kontakte helsetenesta i Sveio kommune på helsenorge.no. Avdelingar dette gjeld for er Sveio omsorgssenter, heimetenesta og psykisk helseteneste.  Med fullmakt kan tenesta kan også brukast av pårørande til psykisk utviklingshemma som bur på Stemhaugen- og Åsvegen bueining og på Straumøy gard.

Innanfor desse tenestene kan du sende og motta meldingar på helsenorge.no. Innanfor heimetenesta kan du i tillegg sjå avtalar om heimebesøk og avbestille besøk/helsehjelp frå heimetenesta. Du kan også ha varsel på sms eller e-post om utførte heimebesøk.

Sjå meir informasjon om korleis du brukar tenesta på helsenorge.no

Andre kan bruke tenestene på Helsenorge på dine vegne

Du kan gi andre fullmakt til å bruke tilbodet på vegne av deg. Du bestemmer sjølv kven du ønskjer å gi fullmakt til, men personane må vere 18 år eller eldre. Det er mogeleg å trekke tilbake fullmakta når som helst på helsenorge.no.

For å bruke helsenorge.no på vegne av andre, loggar du først inn som deg sjølv. Deretter vel du kven du vil sjå opplysningane for eller utføre tenester på vegne av.

 

 

Hjelp og brukerstøtte

Har du spørsmål om bruk av den digitale løysninga, ring Veiledning for helsenorge.no på 23 32 70 00.

Har du spørsmål om heimetenesta du mottar, ta kontakt med din heimetenesta i Sveio kommune på telefon 53 74 82 20 (tenestekontoret)

Logge inn på Helsenorge

Sjå rettleiing til korleis du loggar inn på Helsenorge på helsenorge.no

Bruk av kjernejournal i Helse og Omsorg

Sveio kommune tar snart i bruk kjernejournal i helse og omsorg. Kjernejournal er eit nasjonalt digitalt helsesystem, som deler viktige helseopplysningar på tvers i helsevesenet.

Kjernejournalen erstattar ikkje journalane du har hjå fastlege, sjukehus eller i helse- og omsorgstenesta, men er eit viktig bidrag særleg i akuttsituasjonar der det hastar å finna informasjon om helsetilstanden din.

Kritisk informasjon i kjernejournal er opplysningar om deg som det er viktig at helsepersonell kjenner til i en akuttsituasjon. Det er legen din som registrerer denne type kritisk informasjon. Desse helseopplysningane kan bidra til at helsepersonell endrar val av undersøking, behandling og oppfølging av deg på sjukehus. Du kan gjera kjernejournalen din betre ved å sjekka at all kritisk informasjon er registrert.

Du kan også sjølv registrera viktige helseopplysningar i din kjernejournal slik at helsepersonell får eit meir utfyllande bilete av deg og di helse. Det kan bidra til at du får rett behandling raskare.

Desse opplysningane kan du sjølv registrera på helsenorge.no:

  • Kontaktpersonar
  • Helsekontaktar
  • Særlege kommunikasjonsbehov
  • Sjukdomshistorikk

Når du har logga inn, vel du Meny -> Tjenester -> Kjernejournal, for å finna informasjon om kor du kan legga til, endra eller sletta informasjon i din kjernejournal.  

Det er Norsk helsenett som har ansvar for kjernejournal

Nettlenke til informasjon om kjernejournal på Helsenorge.no