Kommuneplanar for Sveio kommune 2011-2023

Sveio kommunestyre har i møte, 03.10.2011, sak KOM-068/11, i medhald av plan- og bygningslova § 11-15, godkjent ny kommuneplan for Sveio kommune 2011 - 2023.

Kommuneplanen for Sveio inneheld langsiktige, overordna mål og strategiar, og planområdet omfattar heile kommunen. Kommuneplanen skal leggjast til grunn ved planlegging, forvaltning og utbygging i kommunen. Planen inneheld ein tekstdel, strategisk samfunnsdel,  som viser dei overordna måla for vidare utvikling i kommunen. Vidare inneheld planen ein arealdel som viser korleis ein skal nå desse måla gjennom forvaltning av areala i kommunen. Arealdelen omfattar fleire dokument; planskildring, plankart med føresegner og konsekvensutgreiing med ROS-analyse.

Planen utmerker seg gjennom å vera ein heilt ny plan og ikkje berre ein mindre revisjon av tidlegare kommuneplan. Bakgrunnen for dette er mellom anna auka krav i nytt lovverk frå 2009, som medfører store ekstra planoppgåver i form av konsekvensutgreiingar i kommuneplanarbeidet, noko som har gjort at arbeidet har teke betydeleg lengre til enn kva ein venta seg då ein starta opp. Det har også vore mange innspel og merknadar til planarbeidet  som har teke tid å vurdera.

Planen har vore lagd ut til offentleg ettersyn i to omgongar, først 15. nov. 2010 (10 veker) og seinare 30. juni 2011 (ca 8 veker). Høyringa har vore varsla i Vestavind og Haugesunds Avis og vore lagt ut på kommunen si heimesida. Aktuelle høyringsinstansar og interesseorganisasjonar har fått skriv om høyringa. Kommunestyret sitt vedtak kan etter plan- og bygningslova § 11-15, tredje ledd, ikkje påklagast.

Planprosessen berer preg av medverknad frå publikum og interesserorganisasjonar. Det har vore halde fleire folkemøte ute i krinsane og møte med næringsliv og skule. Planarbeidet baserast på dei overordna mål som vart sett fram i planprogrammet, merknadar frå folkemøter, skriftlege innspel og det generelle behovet for utvikling i kommunen. Kommuneplanen viser at fokus ligg på nye byggjeområde for bustader, auka næringsaktivitet, å leggja til rette for småbåthamnar og å setja av areal for offentleg tenesteyting. Ca 300 innspel kom inn i første omgong og fleire merknadar og innspel kom etter at planen hadde vore ute til offentleg ettersyn første gong. Desse innspel har til stor del vore utgangspunktet for arbeidet med arealplanen og utforminga av plankart og føresegner. Alle innspel og merknadar, store som små, har vore gjennom vurdering. Fleire av dei innspel som har vore omfatta av mindre tiltak, som enkelte naust og hytter har diverre ikkje kome med vidare i prosessen. Grunngjeving for dette har mellom anna vore at dersom innspela er i strid med lovverket eller viktige nasjonale og regionale retningsliner har dei vore teke ut i planprosessen. Dei innspel som ikkje har vore i strid med lovverket eller andre viktige omsyn i kommunen (strandsonevern, landbruk, kulturminne, naturliv, friluftsliv, infrastruktur etc.) har vore er teke med i ein eller anna form i plankartet.