Deling av eigedom

Du kan søke om å frådele ny eigedom fra eiendomen din / skille ut ei tomt.
Kommuneplanen for Sveio kommune og reguleringsplanar regulerer kva ein kan gjere på ein eigedom. Det kan også vere aktuelt å søke om dispensasjon frå kommuneplan / reguleringsplan.

Kva får du?

  • Du får oppretta ein ny sjølvstendig eigedom med eige gardsnummer og bruksnummer.
  • Du får oppmålt og merka den nye eigedomsgrensa, og du får sett ned offentlege grensemerke der det er mogeleg.
  • Den nye eigedomen og grensene blir registrert i matrikkelen (eigedomsregisteret) og blir tinglyst.
  • Du får tilsendt matrikkelbrev.

Krav til søkjer

Søknaden må vere signert av eigar (heimelshavar).

Kva kostar det?

Sjå betalingssatsar (PDF, 518 kB)

Slik søkjer du

Følgjande skjema må fyllast ut:

Vedlegg til søknaden:

  • Kart og/eller situasjonsplan der tiltaket er vel dokumentert.
  • Om nødvendig og om det finst:
    - Søknad om dispensasjon frå arealplan, lov, forskrift eller anna (Ikkje fastsett blankett)
    - Uttalar og/eller samtykke som måtte liggja føre frå anna styremakt
    - Eventuelt andre vedlegg (T.d. utgreiingar og illustrasjonar)

Kart og nabolister kan bestillast hos servicekontoret, e-post:  postmottak@sveio.kommune.no

Lever søknaden til kommunen per post, ved oppmøte eller på e-post.

Kva skjer vidare?

  • Du får svar på søknaden innan 3 til 12 veker.
  • Saka er normalt ferdigbehandla innan 19 veker frå løyve er gitt.
  • Vi tar kontakt med deg og avtalar tidspunkt for møte og oppmåling.

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

E-post: postmottak@sveio.kommune.no
Telefon: 53 74 80 00
Telefontid sentralbord: 08.30-13.00

Opningstid:
Mån.–fre. 08.00-15.30