For tilbod i skuleåret må du følgja brukarmanual og søkja plass på skole.visma.com/sveio
Gå til brukarmanual (PDF, 449 kB)
Søknadsfristen er 15.mars.
Kommunestyret vedtok 11.12.2017 nye vedtekter for SFO. Det ordinære tilbodet i SFO blei då redusert med ein innbetaling pr. år, og for ein full plass i skuleåret blei kostnaden såleis redusert med nær 3000 kr.
Det vil elles bli gitt tilbod i feriar som haustferie, vinterferie, samt ei veke etter skuleslutt og ei veke før skulestart. Prisen for ferietilbod blei sterkt redusert med dei nye vedtektene. Alle skulane kan ha ferietilbod om det er nok påmeldte barn.
Samanlikna med andre kommunar, er elevgrunnlaget ved alle skulane våre stort nok til at det skal vera muleg å ha ei SFO-ordning ved kvar skule. Framleis vil det vera slik at tilbodet berre kan gis om det er nok påmeldte barn.
Vedtekter for kommunale SFO-tilbud (PDF, 160 kB)
Betalingssatsar SFO (PDF, 194 kB)
Kvalitetsplan for SFO (PDF, 952 kB)
Redusert betaling i SFO
Frist for å søka om redusert betaling i SFO for skuleåret 2022/2023 er 1.august 2022. Vi oppmodar likevel om å søkje så raskt som mogleg, for å få med reduksjonen på fakturaen for august. Etter denne dato er det løypande behandling av søknadar. Vedtaket vil då gjelde frå månaden etter mottatt søknad.
Meir informasjon om redusert betaling her: Moderasjonsordninger i SFO (udir.no)
Du søker om redusert betaling i SFO gjennom skole.visma.com/sveio