Tilskotsordningar for lag og organisasjonar

Sveio kommune har vedteke endring i tilskotsordningane for lag og organisasjonar. Dei nye retningslinene gjeld frå 2021. Alle lag som skal søka tilskot må vera registrerte i «Friskus» (sveio.friskus.com).

Driftstilskot (Kulturmidlar):

Ordninga blir vidareført som tidlegare, med nokre mindre endringar. Den samla tilskotssummen er auka og er no på kr 280 000 (2020). Lag som skal søkja må tilfredsstilla krava i retningslinene. Retningslinene for kulturmidlane finn du her (PDF, 410 kB):

Søknadsfrist: 1. april

Gå til søknadsskjema

Aktivitetstilskot:

Dette er ei ny ordning der det er høve til å søke tilskot til aktivitetsfremjande tiltak som tilrettelegging av aktivitetsområde og turstiar, arrangement og liknande. Tilskotet kan kombinerast med andre tilskotsordningar som spelemidlar, sponsorar o.a. Ordninga er open for dei fleste lag og organisasjonar i kommunen, inkludert FAU, velforeiningar og bygdelag. Føresetnaden er at tiltaket er i tråd med målsetjinga om å skapa aktivitet i kommunen. Tiltaka må mera opne for alle. Det er sett av kr 100 000 til aktivitetstilskot. Retningsliner for ordninga finn du her (PDF, 223 kB):

Søknadsfrist: 1. april og 1. oktober

Gå til søknadsskjema (PDF, 48 kB)

Tilskot til private leikeplassar:

Det kan søkjast tilskot til tiltak på leikeplassar i private byggjefelt og nærmiljø. Ei velforeining eller tilsvarande må vera ansvarleg søkjar. Brukarar av området må vera omfatta av ei forsikring, til dømes gjennom medlemskap i Vellenes landsforening.

Tiltak på kommunale felt er finansiert over budsjettet for drift- og anleggsavdelinga. Avdelinga kan kontaktast ved planar om tiltak. Kontaktperson er Endre Hope, endre.hope@sveio.kommune.no. Retningsliner for ordninga finn du her. (PDF, 533 kB)

Søknadsfrist: 1. mars

Kontakt

Pål Jøsok
Kultursjef
53 74 80 70
Ellen Tveit
Rådgjevar kultur
53 74 80 73

Kart