Kreftkoordinator

Mange personar blir ramma av kreftsjukdom eller kjenner nokon som har kreft. Å få ein kreftdiagnose påverkar både dei som bli ramma og dei rundt. Dette aukar behovet for tilgjengelege, tilrettelagte og koordinerte tilbod i kommunen.

Kva er ein kreftkoordinator

Ein kreftkoordinator

  • er til hjelp for å koordinere og tilretteleggje kvardagen for kreftsjuke og pårørande på en best mogleg måte.
  • er ansvarleg for å samordne tilbod og tenester rundt kreftpasientane i kommunen.
  • skal være lett tilgjengeleg for pasientar og pårørande.
  • skal bidra til gode rutinar og system for kreftomsorg i kommunen.

Kreftkoordinator har samarbeid med andre faggrupper i kommunen, som til dømes heimetenesta,legekontor, helsestasjon og psykisk helse, og kan henvise deg vidare for aktuelle behov/problemstilling.

Gå til film om kreftkoordinator på youtube

Meir om tilbodet

Kreftkoordinator er eit tilbod til kreftpasientar og deira pårørande i alle fasar av sjukdommen. Dette er eit lavterskeltilbod i kommunen kor du kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator utan søknad eller henvisning.

Målet med en kreftkoordinator er at pasientar og pårørande skal oppleve tryggleik og ein betre kvardag, med hjelp til dei individuelle behova de har.

Du kan sjølv ta kontakt, eller be fastlegen din, sjukehuset eller andre ta kontakt.

Pakkeforløp hjem

Helsedirektoratet fekk i 2018 i oppdrag å utarbeida «pakkeforløp hjem for kreftpasienter». Det nye pakkeforløpet skal bidra til å sikra god struktur og logistikk i helsetenesta, og gjeld for alle pasientar som får ein kreftdiagnose.

Hovedtemaet i pakkeforløpet er behovskartleggingar som skal avdekka eventuelle behov som går utover sjølve kreftbehandlinga og oppfølginga.

Målet er å tilby om kartleggingssamtalar i kommunen 3-4 månader og 12-18 månader etter kreftdiagnose.

Pakkeforløpet er førebels under innføring, og det er eit mål at det er implementert i løpet av 2022/2023.