Ungdomsrådet

Kva gjer Ungdomsrådet?

Intensjonen bak Ungdomsrådet er at dette først og fremst skal vera ungdommane sitt eige organ. Det er dei sjølve som skal arbeide fram eigne saker og ta initiativ til å komme med uttale/forslag til saker som er oppe til politisk handsaming. Rådet kan og vera eit høyringsorgan for politikarane.

Ungdomsrådet har desse arbeidsområda:

- Møter i Ungdomsrådet om lokal politikk og aktivitet for ungdom -  6-8 gonger  pr.år
- Politisk Kafe på Vigdartun 1 gong pr år
- Ungdomsklubben "House of Fun" - ope hus minst ein fredag /månad
- Deltar med 2 representantar i  HHS,HOK,HTN,  med tale og forslagsrett .
- Leiar og nestleiar møter i Kommunestyret og Formannskapet
- Internasjonal deltaking  gjennom EU og EØS finansierte prosjekt .
- Deltar regional og nasjonalt på konferansar og møter med representantar
- Arrangerer konsertar, natturnering i fotball og volleyball
- Arbeider for  å skape aktivitet for  ungdom  i samarbeid i lokalsamfunnet  
- Gir støtte til gode tiltak som ungdomsgrupper søker om

Økonomi

Ungdomsrådet får årleg ein sum til drift  av eigne aktivitetar og som lag/organisasjonar og andre som hadde ønskje om å etablera aktivitet for ungdom kunne søkja om midlar til.

Kontaktperson

Det er tilsett  kontaktperson for ungdomsrådet i kulturavdelinga. Han sender ut innkalling m/saksliste og referat  til alle møte.. Kontaktpersonen skal  vere tilgjengeleg før  møte i komitéar, kommunestyre og formannskap for representantane frå URS. Kontaktpersonen skal vera sekretariat for Ungdomsrådet.

Leiar i Ungdomsrådet frå 1.januar 2015: Olav Bjelland                         

Nestleiar i Ungdomsrådet frå 1.januar 2015: Odd Luis Panayiotou

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 17.08.2016