Salsløyve

Sal av alkoholhaldig drikk med høgare alkoholinnhald enn 4,7 volumprosent kan berre gjerast av Vinmonopolet, samt ved verksemder som sjølv tilverkar alkohohaldig drikk etter nærmare reglar (f.eks. gardsutsal).

Den som vil selja alkoholhaldig drikk t.o.m 4,7 volumprosent kan berre gjera dette når det ligg føre kommunalt løyve.  Løyve gjeld for eit bestemt lokale og for ei bestemt type verksemd.  Salsløyve kan ikkje gjelda for same lokale som det går føre seg skjenking. (Løyve kan òg bli gitt for sal av drikk over 4,7 og under 22 volumprosent alkohol for dei som tilverkar sjølv.) 

Sal og utlevering av drikk som nemnd over kan ikkje skje på søn- og heilagdagar, 1. og 17. mai, som er vedtatt ved lov. I Sveio kommune er det heller ikkje tillate å selja alkohol på røystedagane for stortingsval, fylkestingval, kommunestyreval og folkeavrøystingar, jf. dei alkoholpolitiske retningslinene.

Krav til dokumentasjon
Den som søkjer løyve skal dokumentera selskapet ved firmaattest. Det skal leggast fram dokumentasjon på at styrar og avløysar er tilsett på salsstaden og at desse har kunnskapsprøven i alkoholloven (for sal). Vidare skal det leggast fram målsette teikningar av salsstaden, og det må utarbeidast internkontroll etter alkoholloven. Du finn ei lenke til Helsedirektoratet sin guide til ein god internkontroll etter alkoholloven til høgre.

Saksbehandlar i kommunen hentar inn uttale frå politi og sosialtenesta. Det kan òg hentast uttale frå skatte- og avgiftsmyndigheiter. 

Gebyr
I medhald av alkohollovenn § 7-1 skal det betalast gebyr pr. liter seld vare. Kor mykje gebyret er på følger av alkoholforskrifta § 6-2. Gebyr blir berekna og betalt på førehand og så avrekna etter endeleg salstal når året er omme ut frå innlever omsetningsoppgåve. Frist for innsending av omsetnadsoppgåve er 15. mars.

Heimel
Lov om omsetnad av alkoholhaldig drikk m.v. av 2. juni 1989 nr. 27, samt forskrifter. 

Søknad om løyve til sal av alkoholhaldig drikk som inneheld høgst 4,7 volumprosent alkohol (el. under 22 volumprosent i visse tilfelle) blir avgjort av kommunestyret. Fylkesmannen er klagenemnd. 

Behandlingstid og søknadsfrist
Søknad om løyve til sal av alkoholhaldig drikk med inntil 4,7 volumprosent alkohol (el. under 22 volumprosent i visse tilfelle) / alminnelege, faste skjenkeløyve blir avgjort av kommunestyret. Før behandling i kommunestyret skal søknaden via dei underordna folkevalde organa i kommunen, nærmare bestemt hovudutval for helse og omsorg (HHO) og formannskapet. I løpet av året er det seks slike møteseriar, kor HHO først har møte, deretter formannskapet og så kommunestyret. Før behandling i HHO må administrasjonen førebu saka, og sakene blir sende til HHO ti dagar før deira møte, slik at politikarane skal ha tid til å setta seg inn i dei. Dermed vil behandlingstid vil variere etter kva tid møteserien er sett opp.

For at administrasjonen skal kunna få førebudd søknadar til behandling i nærmaste møteserie etter at søknad har blitt send inn, må søknaden vera kommunen i hende seinast tre veker før kommande møte i HHO. Kjem søknad inn på eit seinare tidspunkt enn dette, vil søknaden først bli behandla i neste møteserie. Oversikt over møta til HHO finst i møteplanen.

I siste halvdel av 2021 skal det gjennomførast tre møteseriar, som startar med møte i HHO 30. august, 4. oktober og 16. november. Dette betyr at dei kommande søknadsfristane er som følger:

  • 9. august 2021
  • 13. september 2021
  • 26. oktober 2021

Ein finn søknadsskjema til høgre under "Fil" (eller nedst, dersom du les dette på ein mobiltelefon).

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

E-post: postmottak@sveio.kommune.no
Telefon: 53 74 80 00

Opningstid, Servicekontoret:
Mån.–fre. 08.30–13.00
Opningstid, generelt:
Mån.–fre. 08.00–15.30

Kart