Turistinformasjon
Publisert 21.04.2021

 

Sveio kommune er ei halvøy som grensar mot Sletta og Bømlafjorden i vest og Ålfjorden i aust. Kommunen ligg i Vestland fylke. Den har fastlandsgrense med kommunane Tysvær og Haugesund, som begge ligg i Rogaland fylke.

Publisert 21.04.2021

 

Publisert 21.04.2021
Publisert 13.09.2016

   

I Sveio finn du ei rekkje tilgjengelege turløyper. Langs kysten er landskapet låg og ope, og frå fjelltoppande er det vidt utsyn i alle retningar.

7 turmål, fordelt på 13 stiar, er no merka og gradert i samband med innføring av nasjonal merkestandard for turstiar.

Publisert 12.09.2016

Å besøke Ryvarden Kulturfyr utan å kjenne at naturen og dens krefter påverkar kropp og sjel er ikkje mogeleg. Neset fyret ligg på, strekker seg ut i havet som for å bera deg lengst mogeleg ut i den storslåtte opplevinga av møtet mellom hav og himmel. Om hauststormane herjar og du nærmast må legge deg på vinden her ute, eller om havet ligg blikk stille, kryp inntrykka inn under huden og vert verande.