Tuberkulose/BCG vaksinasjon

Smittevernlegen er ansvarleg for tuberkulose arbeidet.

Helsesøster har kompetanse til å ta seg av den praktiske biten.

Kommunelegen / smittevernlegen får melding frå politiet om utlendingar som skal opphalde seg i riket i meir enn 3 md. Kontorpersonale leverer meldinga vidare til helsesøster.  I tilfelle der me kjem over utlendingar som oppheld seg i kommunen utover 3 md, som me ikkje har fått melding om frå politiet (ennå), kallar me dei inn til samtale, og følgjer dei opp etter aktuelt flytskjema.  Når de gjeld kvoteflyktningar og familiegjenforening kan meldinga komme direkte frå flyktningekonsulenten/NAV-kontoret i kommunen.

Adoptivborn blir ikkje meldt via politiet, så her må helsesøster som har første kontakten med familien syta for at dette blir følgt opp.

Desse har plikt til å gjennomgå tuberkulose testing:

  • Personar frå land med høy og særlig høg førekomst av tuberkulose, som skal opphalde seg meir enn tre månader i riket med krav om opphaldstillating, registreringsbevis eller opphaldskort, samt flyktningar og asylsøkarar. 
  •  Personar som i løpet av de tre siste årene har opphaldt seg i minst tre månader i land med høy førekomst av tuberkulose, og som skal tiltre eller starte på nytt i stilling i helse- og omsorgstenesta, i lærarstilling eller i stillingar knytte til barneomsorg. Plikten gjelder også personer under opplæring eller hospitering i slike stillingar. 
  • Andre personar som det er medisinsk misstanke om er eller har vært i risiko for å bli smitta med tuberkulose

Aktuelle persongrupper:

  • Flyktningar/asylsøkarar
  •  Familiegjenforenig
  • Arbeidsinnvandring
  • Studieopphald
  • Au-pair
  • Ektefelle frå utlandet
  • Personar som har arbeidd i utlandet og som arbeidar med barn eller svekka personar
  • Adopsjon
  • Ulovleg opphald

Helsestasjonen har føljande delegerte oppgåver innan tuberkulosearbeidet:

  • Kalla inn til og utføra tuberkulosekontrollar
  • Bistå smittevernlegen ved smittesporing
  • BCGvaksinera ved 6 veker for dei det gjeld, og vurdera vaksine på uvaksinerte <35 år som kjem til landet
  • Delta på bahandlingsmøter og oppfølging der det er særskilt behov
  • Oppdaga dei som har plikt til testing

Utlendingar som har fast opphald i Noreg skal berre testast første gongen dei kjem, og ikkje testast på nytt sjølv om dei reiser og oppheld seg i land med høg førekomst av tuberkulose i meir en 3 månader samanhengande, med mindre dei skal jobba innan helse og omsorg.

Oversikt over land med høg førekomst av tuberkulose: Sjå FHI nettsider i tuberkuloseveiledaren, alfabetisk liste over land med høg og særleg høg førekomst av tuberkulose. Frå 1.3.2017 blir det innført eit skilje mellom høg og sørleg høg førekomst av tuberkulose. Fullstendig liste over land finnes i tuberkuloseveilederen på www.fhi.no

Det er viktig at informasjonen når fram, og at anamnesen blir rett. Me brukar derfor ofte tolk for at kommunikasjonen skal bli god nok.  Barn skal ikkje nyttast som tolk.

Asylsøkjerar skal undersøkast innan to veker etter ankomst. Dette er ein absolutt frist.  Øvrige skal undersøkjast så raskt som mulig. For de fleste bør undersøkelsen være gjort innan fire veker. 

Personer som skal arbeide i helse- og omsorgstjenesten skal undersøkes før tiltredelse. Informasjon om dette blir sendt via personalkontoret i kommunen ved tilsetjing. Personalkontoret sender ut informasjon om tuberkuloseundersøkelse saman med annsettelsesbrev til personar som tiltrer eller gjeninntrer i stilling i helse- og omsorgstjenesten, eller i stillingar knytte til barneomsorg. Dette gjeld og personar under opplæring eller hospitering. Helsesøster tar seg av undersøkinga der det er påkrevd.

Anamnese og lungerøntgen er dei viktigaste prosedyrane for å avdekkja aktiv lungetuberkulose.

Behov for videre oppfølging, behandling/forebyggande behandling 

Det er Spesialisthelsetjenesta saman med smittevernlege/fastlege som har ansvar for vidare oppfølging og behandling der det er naudsynt. Helsesøster deltar ved behov på behandlingsmøter. Tuberkulosekoordinator tar kontakt med helsestasjon der det er behov for at me bistår. Heimesjukepleien i Sveio tar seg av DOT behandlinga og er med på behandlingsmøta på sjukehuset

Smittesporing

Helsestasjonen bistår smittevernlegen med organisering og gjennomføring av smitteoppsporing. 

BCG vaksine

BCG vaksinen er programvaksine kun for barn med økt risiko for å bli smitta med tuberkulose. Denne anbefalinga gjeld for barn som kjem frå eller har minst ein av foreldre frå land med høg førekomst av tuberkulose. Frå medio oktober 2014 er det bestemt at BCG vaksinering av nyfødte vert flytta frå sjukehusa og ut i kommunane. Borna som fyller krava skal vaksinerast på 6 vekers konsultasjonen på helsestasjonen. 

Er dei i tvil, ta kontakt med helsesøster og høyr kva som skal gjerast. 

Sveio helsestasjon

Pb 68,

5559 Sveio

Telefon 53748120

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 23.03.2017