Klima, energi og miljø

Kva er ein klima- og energiplan?

Kommunane og fylkeskommunane har fleire roller og verkemidlar dei kan bruka i sitt arbeid med å redusera klimagassutslepp. Ein klima- og energiplan er nettopp eit slikt verktøy, som beskriver korleis kommunane kan utarbeida eigne handlingsplanar for å redusera utslepp av klimagassar, samt bidra til ein berekraftig energiproduksjon og -utnytting på lokalt nivå. God klima- og energiplanlegging vil altså bidra til at kommunen får gjennomført samfunnsøkonomisk lønnsame tiltak.

Kvifor treng me ein klima- og energiplan?

Fram mot år 2100 vil Noreg få eit varmare klima, med meir nedbør, kortare snøsesong, minkande isbrear, endra flommønster og stigande havnivå. Rapporten Klima i Norge 2100: Kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing – oppdatert i 2015 – gir klimaframskrivningar for fastlands-Noreg og ei berekna utvikling fram mot 2100. Framskrivingane baserer seg på dei globale utsleppsscenarioa nytta i FNs klimapanel sin femte hovudrapport frå 2013–2014.

Klimaendringane sin lokale karakter plasserer kommunane i første linje i møte med desse. For at kommunane skal kunna utføra oppgåvene sine på ein måte som sikrar robuste og berekraftige lokalsamfunn i framtida, er det nødvendig at omsynet til eit klima i endring blir ein integrert del av dei kommunale ansvarsområda.

Eitt av føremåla ved statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing (SPR) er å sikra at kommunane nyttar eit breitt spekter av sine roller og verkemidlar i arbeidet med klimatilpassing.

Kommunen er gjennom loven tillagd ei viktig rolle som samfunnsutviklar og arealforvaltar. Planlegginga skal setta mål for den fysiske, miljømessige, økonomiske , sosiale, kulturelle og estetiske utviklinga i kommunen.

Kontaktinfo

Adelhei Smeland
rådgivar
E-post
53 74 80 60

Ilona Nowak
rådgivar, arealplanlegging
E-post
53 74 80 57