Helsestasjon- flyktningar

Målet for arbeidet ved helsestasjonen er å gi flyktningane ein optimal førebyggjande helseteneste.  Veileda dei til å finna fram til egne ressursar, slik at dei på beste måte kan ivareta si helsa og sitt velvære. 

Helsesøster mottar opplysningar om ein ny flyktningen frå:

  • Melding om mottak, skriv frå NAV om busett flyktning /familiegjennforening
  • Busetting av overføringsflyktningar, me får skriv frå IMDI Vest.
  • Etterlyser helseinformasjon på bakgrunn av opplysningar.

Tenesta er gratis.

Helsesøsters oppgåve:

  • Kartlegging av helsetilstanden til den enkelte. Alle busette flyktningar og familie gjennforening hos flyktningar  får tilbod om ein grundig helseundersøking. I Sveio kommune får dei denne hos smittevernlegen og flyktninghelsesøster ordnar med time. NAV dekkjer undersøkinga etter referansepersonen sine vilkår. 
  • Når ein flyktning kjem til Sveio sjekkar flyktninghelsesøster at  viktige undersøkingar frå journal/helseinformasjonen til flyktningen om lovpålagde oppgåver er utført. Dersom behov syte for vidare oppfølging her eller henvise dei vidare. Sjekke tuberkulosestatus og om me bør ta ein ny her. Henvise vidare etter flytskjema for anbefalt rutine ved tuberkulose us.
  •  Følgje opp flyktningen og familien deira i samsvar med den helsemessige tilstander deira.
  • Hepatitt testing av asylsøkjerar og flyktningar. Personar under 25 år som ikkje er immune mot hepatitt b eller er kronisk bærar, tilbys gratis Hepatitt B vaksinering ved helsestasjonen.
  • Gi informasjon om lovbestemte undersøkingar, førebyggande tiltak eller behandlingstilbod.
  • Flyktninghelsesøster i samarbeid med flyktningkontoret i kommunen hjelper flyktningen med å skaffe fastlege så tidleg som mulig. Før flyktningane har fått fastlege, er det kommunelegen dvs smittevernlegen som er fastlege og har legeansvaret for pasienten.
  • Fastlegen mottar frå flyktninghelsesøster brev om busett flyktning frå helsesøster med informasjon om helseintervju, kopi av blodprøvesvar, røntgen thorax svar og tuberkulose svar når dei er komne. 
  • Før barnehage/skulestart og norskopplæring for vaksne på Introhuset startar må ein ha svar på rtg thorax/tuberkulosetest før dei kan byrja der. Helsesøster gir beskjed til barnehage/skule når dei er klarerte for å begynna.
  • Flyktninghelsesøster hjelpe flyktningane med å skaffe seg time hos tannlege.  
  • I Sveio hjelper flyktningkonsulenten flyktningen med hjelp til søknad om dekning av utgifter til ev. helseoppfølging, tannlege, syntest, briller. 
  • Flyktninghelsesøster syt for vaksinering etter norsk barnvaksinasjonsprogram, både barn og vaksne.
  • Flyktning helsesøster i samarbeid med flyktningkonsulenten har informasjonsdag på Introhuset i Førde der dei går igjennom: generell informasjon om helsetenesta i Noreg, kva det kostar å gå til lege, tannlege, gjennomgang av eigenandelskort, trygderettigheter første og andre linjetenesta, sjukehusinnleggelsar, psykisk helseteneste, kosthald, hygiene osv. Dette blir ved behov utført ilag med tolk.
  • Integrere dei inn i helsestasjonsprogrammet vårt, når språket gjer det mulig. Etter behov hos flyktningane og kapasitet hos flyktninghelsesøster sette i gang helseførebyggjande tiltak eks: mor-barn gruppe, kvinnegrupper, kontortid på Introhuset etter ”åpen dør modellen”. 

Dersom ein ikkje møter til avtale time, kalle dei inn på nytt, ev. gå på heimebesøk. Heimebesøk med individuell kontroll eller samtale er mykje nytta i fht flyktningane.

Flyktning helsesøster har kontor i kjellaren på kommunehuset på helsestasjonen.

Timebestilling, ring helsestasjonen.

Flyktninghelsesøster har ein 30% stilling til dette arbeidet.

Sveio helsestasjon

Pb.68

5559 Sveio

Telefon 53748122

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 17.03.2017