Kommunekart og brukarrettleiiar

Kommunekartet kan du finna her: Sveio kart (kommunekart.com)

Brukarrettleiar for kommunekartet

Her finn du utskriftbar rettleiiar for bruk av kommunekart: Rettleiar kommunekart (PDF, 2 MB)

Søknad

For søknader omtalt under dette avsnittet, vil ein ha behov for å laga situasjonskart.

For søknadsskjema, nabovarsel, kvittering for nabovarsel ifht. byggesøknad og frådeling  gå til følgjande nettlenke:  Søknadsskjemaer for byggesak - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)

For søknadsskjema: Deling, oppmåling og seksjonering - Sveio kommune

Naboliste

Før ein sendar søknad, så må det sendast nabovarsel til alle naboeigedommar. For naboliste ta kontakt med servicekontoret på postmottak@sveio.kommune.no

Søk på adresse

 Vel blant dei forslaga som dukkar opp etter kvart som du skriv inn adressa.

Du får først opp gata. Viss du ikkje veit husnummeret kan du velja å visa heile gata i kartet.

Du kan òg velja gata i søkeresultatet og få vist dei aktuelle husnumrene i gata og velja blant dei.

Viss du skriv inn ei meir presis adresse med husnummer eller eventuelt òg bokstav vil søketreffene avgrensast tilsvarande.

Gatenamn vil grupperast slik at alle husnummer tilhøyrande ei gate ligg under denne gata i resultatet. Viss du til dømes søker på Kongens gate, så vil du få mange treff på denne gata i heile landet, og du må velja kva stad du er ute etter før du får husnummer i ei ny liste.

Om du angir både gatenamn og husnummer så blir den bestemde adressa vist i ei liste som viser alle stader med same adresse. Vel i lista.

Søk på eigedom

 Skriv inn gardsnummer og bruksnummer + evt festenummer og seksjonsnummer om det finst.

Døme:  1/2/0/4 eller 11/11 Oslo

Viss du søker innanfor ein bestemd kommune vil eigedommane i kommunen komma øvst i søkeresultatet. Resterande eigedommar vil komma tilfeldig i lista.

Det same gjeld om du søker med zoomnivå utanfor ein kommune: Resultata vil komma tilfeldig.

Jo meir presis du søker, jo meir presist blir resultatet.

Du kan òg søka på namnet til eigedommen.

Planar

Sjekk planar som gjeld for din eigedom (kommuneplanar, kommunedelplanar og reguleringsplanar) 

Dette ser du på høgre side av skjermen etter at ein eigedom er merka av.

Eller så kan du skriv inn planidentifikasjon eller namn på plan, og forslag til planar dukkar opp medan du skriv.

 Aktuell reguleringsplan kan du sjå på høgre side av skjermen om eigedomen er merka av. Trykk Planregister for å sjå vedtak, føresegner og plankart I PDF fil.

Situasjonskart

Skriv ut situasjonskart (for deg som skal søka om å bygga, frådele eller oppmåle din eigedom).

  

På venstreside av skjermen trykkar meny og vel skriv ut. Standardmålestokken for situasjonskart er 1:500.

Teikne og måle på kartet

Du kan måla og teikne direkte på kartet:  

    

 

 

 

 

 

 

Lengdemåling

Måling startar ved at du trykker på knapp for lengdemåling. Plasser musepeker (trådkorset) der du skal starta å måla. Plasser deretter neste punkt og avstanden frå startpunktet blir vist.  Målelinjen kan ha knekkpunkt – då fortset du berre å måla. Lengda på alle linjesegmenta blir viste med tekst i kartet.

For å avslutta sjølve målinga må du klikka på nytt i det sist registrerte målepunktet. Knekkpunkta og målelinjen vil markerast i kartet. På PC vil du òg få ei stipla hjelpelinje fram til musepeker.

Markeringa i kartet vil visast fram til du slår av målingane med ESC, eller ved å trykka på måling-knappen ein gang til.

Arealmåling

 

Start måling ved å trykka på knapp for arealmåling. Plasser musepeker (trådkorset) der du skal starta arealmålinga. Etter 3 knekkpunkt kan polygonet lukkast, - enten ved å dobbeltklikke på nest siste punkt, eller ved å trykka på første punktet i polygonet på nytt. Lengda på alle linjesegmenta blir viste med tekst i kartet.

Du får oppgitt førebels omkrets og areal medan du måler, og endeleg resultat når målinga blir avslutta.

Polygonet blir fylt med ein skravur.

Markeringa i kartet vil visast fram til du slår av målingane med ESC, eller ved å trykka på måling-knappen ein gang til.

Avslutt måling

Du kan avslutta måling på fleire måtar.

Funksjonen blir avslutta ved å trykka menyknappen (X) øvst i målingsmenyen.

Du kan òg slå av målingar ved å deaktivera menyen måling i hovudmenyen.

Hjelp

Har du fleire spørsmål om funksjonaliteten på fonnakartet/kommunekartet, gå til meny og vel hjelpe-knappen.