Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit Interkommunalt samarbeid mellom Haugesund, Sveio og Tysvær.

Dette er eit gratis tilbod for alle mellom 13 og 20 år.

Helsestasjon for ungdom held til i 4 etg på Markedet i Haugesund, og det er både lege, helsesøster og psykolog til stades.

Føremålet er:

  • Å gi eit tilbod tilpassa ungdommars behov og interesse, for å sikra dei ei best mogeleg helsemessig utvikling. Helsestasjon for ungdom er eit supplement til skulehelsetenesta.

Opningstid:

Helsestasjonen er open måndagar og torsdagar kl 14:00 – 17:00

Onsdagar kl 14:00-16:00 er det Guttedag

Du treng ikkje bestilla time.

Hit kan du koma for å snakke om:

  • Vanskeleg livssituasjon – Heim, skule, arbeid og fritid
  • Mistrivsel
  • Psykiske problem
  • Spiseforstyrrelser
  • Rus   
  • Helse
  • Graviditet
  • Prevensjon/sex/samliv – gratis kondoma og angrepiller
  • Kjønnssykdommar
  • Fysiske plager

Elles tar me og imot kommunens ungdomar på Sveio helsestasjon, i våre ordinære opningstider, når det er ønskje om det.

 

 

 

 

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 23.09.2016

Kontaktinfo

Helsestasjon for ungdom
Telefon: 52 74 41 09
Markedet 4.etg., Haugesund sentrum

Sveio helsestasjon
Telefon: 53 74 81 20
Sveio kommunehus, kjellaretg.