Sveio kommune godkjente gjeldande kommuneplan i oktober 2011. Etter den tid har det skjedd mykje i både Sveio og i samfunnet elles. Det har vore stor aktivitet i kommunen og det har blitt etablert ny næringsaktivitet og mange nye bustader, fritidsbustader, småbåthamnar og naustområde.
I åra som har gått har krava til planlegging og utbygging blitt forsterka og lovverket har blitt justert. Ved ny arealbruk er det no krav om meir dokumentasjon som viser at det blir teke omsyn til tema som folkehelse, naturmangfald, trafikktryggleik, strandsoneverdiar, kulturmiljø, samordna areal- og transportplanlegging, klimatilpassing, samfunnstryggleik og beredskap mv. Dette gjer planleggingsarbeidet meir utfordrande enn tidlegare, men samtidig sikrast dei viktige fellesinteressa i samfunnet. Jo betre dokumenterte desse temaa er i planane, jo tryggare er vi på at planarbeidet fører til gode utbyggingsområde og eit godt og trygt samfunn.
Ny kommuneplan for Sveio er under utarbeiding. I den samanheng har vi tidlegare bedt om innspel via aviser og her på heimesida. I tillegg har vi invitert til folkemøte i dei ulike skulekrinsane for å få høyra tankane til innbyggjarar og interesserte.
Alle innspel som har kome til kommuneplanarbeidet er føremål for vurdering. Det gjeld òg alle dei som har blitt sendt inn til kommunen frå 2013 og fram til sommaren 2022. Ved vurdering av innspela vil dei i første hand setjast opp mot lovverket og dei nasjonale og regionale føringane, og vurderast mot dei kommunale retningslinene for planarbeidet i ei grovsiling. Dei innspela som ikkje kjem i direkte konflikt med overordna interesser i grovsilinga vil bli vurderte vidare i ein meir samlande konsekvensutgreiing.
Digitalt innsyn i planprosessen med kommuneplanen sin arealdel
For å følgje arbeidet med kommuneplanen sin arealdel, er det utarbeida ei digital innsynsløysing.
Digital innsynsløysing for kommuneplanen.
Innspela som er komen inn til kommuneplanarbeidet, er i kartet identifisert med eit ID/saksnummer. I tabellen under finn du det innsendte innspelet slik dei framstår i arkivsystemet. Du finn ID/saksnummer når du klikkar på innspelet i kartet i den digitale innsynsløysinga over.
Innspel til kommuneplan
I denne tabellen finn du innsendte innspel til kommuneplanen sin arealdel. Når du klikker på eit innspel i kartet i den digitale innsynsløysinga finn du eit ID/saksnummer. Det er dette nummeret som identifiserer kva innspel som gjeld for dette arealet i kartet. Informasjonen kommunen har fått tilsendt tilhøyrande dette arealet finn du i tabellen under.