Skulehelsetenesta

Tenesta omfattar alle born i skulepliktig alder. Tiltaka er retta mot eleven sjølv, familien og skulemiljøet .Det er eit tilbod til borna og heimen og er eit framhald av det tilbodet som blir gitt ved helsestasjonen.

Tilbodet er gratis.

Helsesøster er å treffa ved alle skulane i kommunen, med faste kontortider etter avtale med kvar skule. Ekspedisjonen på skulen vil vita kva for dag ho er å treffa, og på kva for eit tlf.nr. Du kan og finna informasjon om oss på den enkelte skule si heimeside.Dette er eit tilbod med låg terskel, der elevar, foreldre og lærarar kan ta kontakt utan å bestilla time.

Helsesøster, lege og jordmor jobbar fast i skulehelsetenesta. Desse har teieplikt, men jobbar i nær kontakt med lærarar og andre faggrupper, bl.a. PPT, psykiatrisk sjukepleiar, sosialkontor, barnevern, BUP, fysioterapeut o.a. Dette for å sikra at dei barna som av ulike grunnar treng det, får den best moglege oppfølginga.

Føremålet er:

  • Å fremja ein best mogleg helsemessing utvikling hos barna
  • Styrka elevens mesteringsevne og sosiale ferdighetar
  • Gje tilbod om kontakt, hjelp og vegleiing i helsespørsmål

Dei ulike rutinemeissige konsultasjonane:

  • Før skulestart (ved 5-6- års alder) er det helseundersøking ved lege og helsesøster. Denne undersøkinga blir rekna som viktig, fordi den ofte legg grunnlaget for vidare helseteneste for barnet. Det blir gjort synstest og hørselstest og me måler høgde og vekt. I tillegg blir det individuell samtale. Dersom det er spesielle forhold som de vil ta opp, kan de ta dette opp med legen eller helsesøster. Det er viktig at eleven har med seg ein nær omsorgsperson til denne undersøkinga.
  • 2. Klasse: Kombinasjonsvaksine mot Difteri, stivkrampe, polio og kikhoste.
  • 3. Klasse: Måle høgde og vekt. Samtale om helsetema. 
  • 5.klasse: Psykologisk førstehjelp som klasseroms undervisning
  • 6. Klasse: MMR-vaksine (meslingar, kusma og røde hunder).  Helseopplysning i gruppe om kosthold, puberteten, ulykkesforebygging m.v.
  • 7. klasse: Tilbod om 3 doser HPV-vaksine til jentene (Vaksine mot Humant Papilloma Virus)
  • 8. Klasse. Måling av høgde og vekt. Samtale i grupper. Tema som inneklima/skulemiljø, tobakk/rusmidel, pubertetsutvikling, personleg hygiene og om å sette grenser. Psykologisk førstehjelp som klasseroms undervisning.
  • 9. Klasse: Helseopplysning i høve til prevensjon og samliv
  • 10. Klasse: Kombinasjonsvaksine mot Difteri, stivkrampe og polio.

Før kvar av desse undersøkingane vil det bli gitt melding til heimen.

Dei barna som treng det, blir henvist vidare eller blir innkalla til hyppigare kontrollar ved helsestasjonen/skulen.

I tillegg til desse faste undersøkingane, kan helsetenesta delta i skulen med helseopplysning individuelt, i gruppe eller i klassen.

Skulehelsetenesta kan og driva samtalegrupper i samarbeid med skulen.

Me ber om samtykkje til vaksinasjon. Dersom foreldre/ føresette seinare kjem fram til at barnet ikkje bør vaksinerast, kan dette samtykkje trekkjast tilbake for seinare vaksinasjonar. Det vert og bedt om skriftleg samtykke før kvar vaksinasjon

Nytt tilbud til alle foreldre  

Nå lanserer Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet nettstedet foreldrehverdag.no der foreldre kan finne faglig kvalitetssikret informasjon om hvordan de kan forstå barnet sitt bedre. Målet er å gi foreldre inspirasjon, tro på egen omsorgsevne og bidra til å styrke samspillet i hverdagen. Nettstedet tar utgangspunkt i det anerkjente veiledningsprogrammet ICDP (International Child Development Program) og er utviklet i samarbeid med fagfolk.

Kontaktinfo

Skulehelsetenesta ved Sveio barne- og ungdomsskule, Førde barneskule, Vikse skule, Auklandshamns skule og Valestrand oppvekstsenter  sorterer under Sveio helsestasjon.
Tlf.: 53 74 81 20
Postadr.: Postboks 68, 5559 Sveio

Sveio barneskule: Marianne Hinderlid /Kjersti Førre Halsne,

Marianne.hinderlid@sveio.kommune.no  / Kjersti.forre.halsne@sveio.kommune.no

Førde skule og Sveio skule - barnetrinnet: Grethe Natås, tlf.: 5374 8120 / 415 13 298
grethe.natas@sveio.kommune.no

Vikse skule og Sveio skule . ungdomstrinnet: Ritha Førland, tlf.: 5374 8123 / 906 47 175
ritha.forland@sveio.kommune.no

Auklandshamn og Valestrand skule:
Cathrine Selsås:
cathrine.selsas@sveio.kommune.no

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 23.03.2017