Det er framleis viktig å ha fokus på å hindra smitte av koronaviruset. Folkehelseinstituttet har følgande råd for å bremsa utbreiinga av korona:
- Hugs god hand- og hostehygiene.
- Du og dine næraste kan omgåast normalt.
- Hald auka avstand til andre enn dine næraste, minst éin – 1 – meter.
- Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon må du halda deg heime.
- Har du symptom på covid-19 eller er usikker på om du har symptom, bør du testast.
Symptom på koronasmitte kan bl.a. vera:
- Feber
- Hoste
- Tungpusta
- Hodepine
- Nedsett smak- eller luktesans
- Muskelverk
Personar frå Sveio skal testast i Tysvær (Aksdal). Innbyggarar over tolv år kan bestilla time på nett. Ein kan òg ringa testsenteret på tlf. 52 75 74 00 (kvardagar kl. 08.30–15.00). Du treng ikkje kontakta fastlegen din for å bli testa.
Du finn meir informasjon om koronaviruset på kommunen si samleside for koronarelatert informasjon og nettsidene til FHI.