Vakttelefonar og beredskap

Telefon: 53 74 80 00
Fax: 53 74 80 01
Epost: beredskap@sveio.kommune.no

Sveio kommune jobbar kontinuerleg for å auke tryggleiken for innbyggjarar og besøkande. Kommunen gjennomførar førebyggjande og skadedempande tiltak for i størst mogleg grad hindre at ulukker skjer, og har utarbeida kriseberedskapsplanar for å ta seg av uventa hendingar.

Ved behov vil kommunen kalle inn Kommunal kriseleiing (KKL), eventuelt utvide med personell frå kommunalt beredskapsråd (KBR) ved situasjonar som krev større innsatsar med t.d. Heimevernet, Sivilforsvaret og/eller prest.

Kommunen si nettside vil i stor grad bli nytta til viktig informasjon for innbyggjarar og presse.

Naud- og vakttelefonar
Naud- og vakttelefonar
 Telefon ITelefon II
BRANN11052 74 47 00
POLITI11202800
AMBULANSE (medisinsk nødnummer)113
Legevakt116117
Haugaland brann- og redning IKS91 91 01 11
KKL v/rådmann945 34 444
Sveio kommune, servicekontoret53748000
Vakttelefon brøytevakt476 12 741
Europaveg/fylkesvegar (vegtrafikksentralen)175
Kommunalt vatn / avløp (vakttelefon)91 53 87 30
Karmsund Havnevesen52 70 37 50
Haugaland kraft05270
Telenor (feilmelding m.m.)0500009000
Veterinærvakt smådyr – vakt utanom vanleg kontortid kvardagar klokka 8 til 16820 90 020
Veterinærvakt store dyr – vakt utanom vanleg kontortid kvardagar klokka 8 til 16537 48 480
Barnevernvakten - kl 15:30-08:00 (kvardagar, heile helger og heilagdagar)901 70 591

 

 

Råd om eigenberedskap


Kva gjer Sveio kommune?

Sveio kommune arbeider kontinuerleg med samfunnstryggleik og beredskap. Kommunen har ein beredskapsplan som utgangspunkt for handtering av uønskte hendingar. Den viser mellom anna rollefordeling, ansvarsområde og informasjonsstrategi, og har oversikt over viktige personar og ressursar til beredskapsarbeidet. Alle kommunar skal ha ein beredskapsplan og ein heilskapleg ROS-analyse (Risiko- og sårbarheitsanalyse). Den heilskaplege ROS-analysen har mellom anna til føremål å synleggjera kva uønskte hendingar som kan oppstå i kommunen og korleis kommunen skal handtera slike. Det er starta opp arbeid med revidering av gjeldande ROS-analyse for Sveio kommune, og forslag til ny analyse skal liggja føre til sumaren 2020.

I ein krisesituasjon har ikkje kommunen ressursar til å hjelpa alle. Kommunen har ikkje heller enkelte ansvar, som for straumleidningsnettet dersom det blir bortfall av straumen. Kommunen skal ikkje heller overta oppgåvene til det ordinære redningsapparatet (politi, ambulanseteneste og brannvesen). Brannvesenet er kommunalt (interkommunalt), men har eige ansvarsområde som ikkje ligg til alt det andre kommunale beredskapsansvaret. Kommunen har ikkje lager med medisinar ved medisinmangel (unnateke jodtablettar ved radioaktivt nedfall) eller ved, pledd eller aggregat for å gje varme til innbyggjarane ved langvarige straumbrot. Det vil såleis vera ein føresetnad i beredskapsarbeidet i ein krisesituasjon at dei fleste kan klara seg sjølve, slik at hjelpeinnsatsen kan koma dei som treng det mest til gode. Sjølv om kommunen har avgrensa ressursar kjem ein i ein krisesituasjon til å vurdera behov for hjelpeinnsats og gjera det ein kan for å avhjelpa situasjonen.

Ein av dei største behova folk vil ha i krisesituasjonar vil vera å få informasjon. Manglande moglegheit til kommunikasjon kan utgjera ein trussel dersom ein ikkje kan få varsla eller be om hjelp. Det kan òg skapa unødvendig uro og utryggleik. Ein av dei viktigaste oppgåva kommunen har i ein krise vil difor vera å sikra at informasjon kjem ut til publikum, i tillegg til å oppretthalda dei kommunale tenestane (som vassforsyning, tilkomst på kommunale vegar, ta i bruk naudsynte straumaggregat, sikra helse/omsorg, skule/barnehage, institusjonar mv.). I tillegg kan kommunen få ansvaret for å etablera evakuerte- og pårørandesenter.

I Sveio sin beredskapsplan ligg føringar for korleis ein skal gje informasjon og kven som har ansvaret for dette. Ved langvarig straumutfall vil telenettet/internett òg fort falla ut og då vil beste måte å få informasjon vera via batteridrevet radio, eller å søkja seg til område med straumforsyning. Kommunen vil ved behov (avhengig av krise) senda varsling via SMS til dei som har eigedom i kommunen (føresett at telefonnummer er kopla til eigar av eigedomen), leggja ut informasjon på heimesida og på Facebooksida, og dersom det blir naudsynt ta i bruk lokale media, oppsøkja folk eller knakka på dører mv. for å formidla informasjon.

Råd om eigenberedskap

I 2018 kom nasjonale råd om eigenberedskap der styresmaktene oppmoda alle husstandar i Noreg til å ta nokre enkle grep for å betra sin eigen beredskap. Målet med råda er at så mange som mogleg skal klara seg sjølve i ein krisesituasjon. Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå òg hos oss. Og om vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst. På den måten er alle ein del av beredskapen i Noreg.

Det er fleire forhold som gjer at det kjem eigenberedskapsråd til befolkninga no. Meir ekstremvêr er blant dei viktigaste årsakene. Ekstremvêr kan føra til bortfall av kritisk infrastruktur, som til dømes  straum, vatn og mobilnett. I tillegg er vi som bur i Noreg – som er blant verdast tryggaste og mest stabile land – vane med at det meste i stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av, for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem. Det i seg sjølv er faktisk ei sårbarheit.

Meir informasjon om eigenberedskap og kva som er lurt å ha heime til ein kvar tid er å finna på sikkerhverdag.no

 

Kriseteam:

Spesialsjukepleiar innan psykisk helse, prest og lege er basisgruppa i kriseteamet.  Andre fagpersonar kan tiltre i teamet etter behov. Kontaktliste kriseteam (PDF, 659 kB)

Publisert av Janne Therese Stol Bådsvik. Sist endra 19.11.2019