Barnevern

Barnevernet skal sikre at barn og unge får ein trygg oppvekst. Om nokon barn og unge lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling skal dei få hjelp og omsorg når dei treng det. Barneverntenesta arbeider etter Lov om barneverntenester

Er du i tvil om et barn har det godt heime eller der barnet bor? Lurar du på om du skal melde frå eller ikkje?

10 spørsmål og svar om å melde til barnevernet

Hvis du er i tvil om når det er riktig å melde i frå til Barnevernet, er du ikkje aleine. Det kriminalitetsforebyggjande råd (KRÅD) har utvikla 10 spørsmål og svar for å hjelpe deg.

1) Når bør eg melde frå til barnevernet?

Er du bekymra for eit barn, på den måten at du trur foreldra kanskje ikkje klarar å ta godt nok vare på barnet, bør du melde frå til barnevernet.

2) Korleis kan eg vite om det er alvorleg nok?

Er du bekymra, skal du melde frå uansett. Di bekymringsmelding kan vera svært viktig for barnet det gjeld. Det er vanleg å frykte at ein overreagerar eller overtolkar signal. Mange lurar på om dette ikkje er alvorleg nok, eller om ein melding kan skape unødvendige problem. Det er barnevernet si oppgåve å vurdere bekymringar, og om hjelp er naudsynt.  Di oppgåve er å sørgje for at barnevernet får vite om barn som har det vanskeleg. Er du fortsatt i tvil, er det fullt mogleg å først drøfte saka med ein fagperson i barnevernet utan å nemne kven det gjeld.

3) Kven skal eg snakke med i barnevernet?

På dagtid kan du ringje til kommunen der barnet bur og be om å få snakke med barneverntenesta. Da får du snakke direkte med ein saksbehandlar om din bekymring. Du kan også skrive eit brev. På kveldstid kan du kontakte barnevernvakten, der denne finnast – eller ringe gratis til den landsdekkande Alarmtelefonen for barn og unge på 116 111. Då kjem du til ein av dei 15 store barnevernvaktene som finnast i Noreg. Alarmtelefonen er døgnopen, og formidlar di bekymring vidare til det kommunale barnevernet der barnet bur.

4) Kva skjer når eg melder ein bekymring til barnevernet?

- Du blir satt over til ein fagutdanna saksbehandlar som  skriv ned det du har sett og høyrt. Dei fleste saksbehandlarar i barnevernet er utdanna som barnevernpedagogar eller sosionomar.

- Innan ei veke tar saksbehandlaren i samråd med sine kollegaer, stilling til om dei skal sette i gong ein undersøking av det du har meldt inn, eller om meldinga skal leggast bort fordi dei ikkje vurderar saka som alvorleg nok. Denne frista er lovpålagt.

- Dersom dei vurderar bekymringsmeldinga som alvorleg nok, starter ei undersøking etter seinast ei veke. Undersøkinga skal vanlegvis ikkje vare lengre enn tre månader.

- I løpet av ei undersøking snakkar dei ansatte i barnevernet med både foreldra og barnet. Dei kjem vanlegvis også på heimebesøk for å få eit nærmare inntrykk av familiesituasjonen. Ofte vil dei også snakke med dei tilsette i barnehagen eller læraren, og eventuelle andre offentlege instansar som er involvert (BUP, PPT, o.l.).

- Når undersøkinga er ferdig, er det barnevernleiaren i samråd med dei involverte saksbehandlarane som avgjer kva som skal gjerast vidare for å hjelpe familien. I nokon tilfelle blir saka avslutta etter ein slik undersøking. Dette skjer enten fordi familien får hjelp frå ein annan hjelpeinstans eller at saka løyser seg på andre måtar.

- Det nytter å sei i frå! Statistikken viser at i svært mange tilfelle vil barnet og familien få tilbod om hjelp frå barnevernet.

5) Kva kan barnevernet gjere for å hjelpe barn, unge og familiar?

I samarbeid med barnet og foreldra blir saksbehandlarane i barnevernet einige om kva hjelpetiltak som vil gjere situasjonen betre for barnet. Dei fleste barna (8 av 10 saker) får hjelp heime hjå foreldra. Slik hjelp kan til dømes vera: Barnehageplass, plass på skolefritidsordning, støttekontakt til barnet, besøksheim til barnet, støtteheim til familien, råd og rettleiing til foreldra, familieråd, økonomisk støtte, tilsyn i heimen. I nesten 2 av 10 tilfelle får barnet hjelp utanfor heimen. I dei fleste av desse sakane bur barnet eller ungdommen i fosterheim. Nokon bur på institusjon. Barnevernet formidlar også kontakt med andre hjelparar, som til dømes barne - og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), sosiallærar eller helsesyster.

6) Må eg alltid oppgi navnet mitt?

Nei, du kan velge å være anonym når du kjem med ein bekymringsmelding. Barnevernet vil likevel helst at du skal sei kven du er, fordi det gjev saka troverdighet. Barnevernet kan i første omgang bevare din anonymitet ovanfor familien det gjeld, dersom du ønsker det. I praksis vil det likevel vera vanskeleg å forbli anonym, da barnevernet må informera familien om innhaldet i meldinga. I mange tilfeller vil familien da forstå kven som har meldt saka. Er saka særleg alvorlig, vil barnevernet uansett ikkje kunne bevara din anonymitet ovanfor familien. Det du likevel må tenkje på, er at det vil vere til barnets beste at du som vaksen melder frå.

7) Får eg beskjed dersom saka henlegges?

Nei. Barnevernet har taushetsplikt om sitt forhold til enkeltpersonar eller familiar, og kan derfor ikkje sei noko til deg som privat meldar om ein konkret sak. Dette er annleis i forhold til offentlege meldarar med meldeplikt til barnevernet. Dette gjeld for til dømes tilsette i skule eller barnehage. Desse har krav på tilbakemelding frå barnevernet om dei set i gong tiltak eller ikkje.

8) Tida går og eg er framleis bekymra: Bør eg ringe ein gong til?

Ja, det bør du gjere. Taushetsplikta er der for å ta vare på familiane som får hjelp av barnevernet. Derfor kjem du ikkje til å få vite kva barnevernet har gjort sidan sist du ringte. Likevel er det viktig at du tek kontakt om du fortsatt er bekymra, og fortel kvifor.

9) Kan eg bli nødt til å vitne i retten?

Du kan bli innkalt som vitne dersom det kommunale barnevernet meiner at andre bør overta omsorga for barnet. Dette blir avgjort av Fylkesnemnda for sosiale saker. Dersom barnevernet eller foreldra anker avgjersla vidare til Tingretten, kan du bli innkalt som vitne også der. Du har i så fall plikt til å møta og fortella kvifor du har vore bekymra. Du blir derimot ikkje part i sjølve barnevernssaka av å melde ein bekymring.

10) Kor kan eg få vite meir om barnevernet?

Du kan lesa meir om kva slags hjelp barnevernet tilbyr på desse nettstadane. Dei vart drive  av dei som er ansvarlege for barnevernet i Norge:

www.bufetat.no/barnevern

www.regjeringen.no


Barnevernet skal alltid ha for auget

- barnets beste
- søke å oppnå, så godt som mogeleg, samarbeid med foreldre
- gi hjelp så langt råd er i heimen
- gi rett hjelp i rett tid
- rettstryggleik for barn og foreldre
- medverknad frå foreldre og barn

Link til meldeskjema finn du her (PDF, 357 kB). De er og velkommen til å ta kontakt med ein av saksbehandlarane i barneverntenesta for rettleiing og informasjon. De kan kontakte barneverntenesta på kommunehuset på telefon 53 74 80 00. Leiar for barnevernet er Guro Thorsheim.

 

Publisert av Solveig Merete Larsen Skree. Sist endra 21.10.2016

Adresse

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

Send e-post
Telefon: 53 74 80 00

Opningstider:
Mån.-fre. 0800-1530
 

Kart