Avløysing til ferie og fritid får ein tilskot ut i frå dyratal ein søkte om 1. mars og 1.okotber. Maksimal tilskotssats er 83 400 kr i tilskot til ferie og fritid. Dette tilskotet må brukast i året ein søkjer om produksjonstilskot, ein får då tilbakebetalt det ein brukar av det maksimalt utrekna tilskotet året etter.
Tilskot til avløysing ved sjukdom og liknande skal bidra til å dekkje utgifter til avløysing når bonden ikkje kan delta i gardsdrifta på grunn av sjukdom eller graviditet, fødselspermisjon eller sjukt barn.
Ein søkjer elektronisk i Altinn ved avløysing ved sjukdom. Om ein treng hjelp med søknaden ta kontakt med avløysarkontor eller Åshild Irene Lie.
Sveio avløysarlag held til på Haukås og hjelper til med avløysar til ferie, fritid og sjukdom.
Det er tilsett ein fast landbruksvikar i Sveio, avløysarlaget har og andre avløysarar tilgjengeleg.
Kontakt informasjon til Sveio Avløysarlag : 97 40 84 00
Ein kan lesa meir på Landbruksdirektorartet og finne søknadsskjema: Tilskudd til avløsning ved sykdom og fødsel - Landbruksdirektoratet
Kontaktperson : Gjertrud Svartveit Osmundsen