Fakturabehandling

Faktura til Sveio kommune

Alle fakturaar til Sveio kommune skal sendast som elektronisk faktura (EHF)

Organisasjonsnummer: 864 967 272
Adresse: Sveio kommune, postboks 54, 5559 Sveio

Har du spørsmål om levering av faktura til Sveio kommune, ta gjerne kontakt på e-post postmottak@sveio.kommune.no

Merking av faktura

  • Legg inn bestillar sine initialar som referanse på fakturaen. 
  • Bestillar sitt namn og/eller eining skal òg komma fram av fakturaen.

Små og mellomstore verksemder utan eige fakturasystem

Mange små og mellomstore verksemder har ikkje eige fakturasystem som kan produsera elektronisk faktura direkte. Alternativet for desse er å registrera faktura i ein nettbasert fakturaportal eller via eigen nettbank.

På anskaffelser.no finn du ei oversikt over fakturasystem og enkle fakturaportalar som kan levera EHF.

 

Faktura frå Sveio kommune

Sveio kommune forsøker å senda alle fakturaar digitalt, som eFaktura, via Vipps Rekning, via digital postkasse (Digipost eller eBoks) eller som vedlegg i e-postar. Dersom dette ikkje er mogleg blir fakturaen levert som papirfaktura i postkassen din.

Korleis mottar du fakturaen?

Sveio kommune som fakturaavsendar kan ikkje påverka kva kanal du vil få fakturaen i. Du styrer dette fullt og heilt på eiga hand. Før fakturaen blir send blir det gjort eit oppslag mot de ulike kanalane i ei fastsett rekkefølge, og fakturaen blir send i den høgast rangerte kanalen som er aktiv.

Rekkefølga er som følger:

  1. Avtalegiro
  2. eFaktura
  3. Vipps Rekning
  4. Digital postkasse for innbyggarar
  5. E-post
  6. Blankett/Papir
Avtalegiro

Avtalegiro er automatisk betaling. Denne fungerer som tidligare ved at du opprettar eller avsluttar avtalen gjennom banken din.

Varselet om avtalegirotrekk vil bli sendt på papir dersom du ikkje har nettbank. Namn på varselet er "Belastningsoppgåve" og skal ikkje betalast.

Dersom du har avtalegiro, vil betalingsvarselet bli forsøkt distribuert digitalt. Fakturablanketten vil ikkje ha nokon girodel til brevgiro. Ei god løysing for deg som ikkje har nettbank eller andre digitale løysingar vil då vera å oppretta avtalegiro, så får du tilsend belastningsoppgåve i posten.

eFaktura

Dette er eit godt alternativ til avtalegiro. Me vil anbefala alle våre fakturamottakarar å oppretta eFaktura-avtale i banken, då eFaktura sikrar at fakturaen kjem kjapt fram, samt at fakturaen er ferdig utfylt. Slik slepp du å tasta inn kontonummer, KID og beløp.

eFaktura har tre ulike variantar:

  1. Aktiv eFaktura-avtale, som er ordinær eFaktura. Dersom du ikkje ønsker dette, må du avslutta eFaktura-avtalen i nettbanken.
  2. eFaktura YesToAll, kor det ikke går fram at du har ein aktiv avtale med Sveio kommune, men har akseptert eFaktura frå alle fakturaavsendarar. Dersom du ikkje ønsker dette, må du slå av YesToAll i nettbanken.
  3. Vipps Rekning som kjem frem i nettbanken. Dersom du ikkje ønsker dette, gå inn i Vipps-appen og slå av visning av Vipps Rekning i nettbanken.
Vipps Rekning

Vipps Rekning føreset at du bruker Vipps, og har aktivert Vipps Rekning inne i appen. Betaling av rekningar i Vipps er veldig enkelt og ein bestemmer sjølv om betalinga skal skje med ein gong eller ved forfallsdatoen som står på fakturaen.

Vipps Rekning er eit produkt der fakturaen berre er send til Vipps. Samstundes finst det òg ein variant kor ein eFaktura blir vist i Vipps. Dette blir styrt av innstillingar inne i Vipps-appen.

Vipps kjem stadig med nye oppdateringar av sin app for å betra funksjonalitet og brukaropplevinga. Vipps som selskap tar sjølv avgjerder om kva innstillingar som følger med ei oppdatering. For eksempel har det blitt lansert oppdateringer som inneheld automatisk samtykke i å motta fakturaar på Vipps. Du bør dermed følga med på innstillingane i appen etter oppdateringar. 

Dersom du ikkje ønsker å bruka Vipps Rekning, eller visning av eFaktura i appen, må du gå inn på innstillingane i appen og deaktivera dette.

Det gjer du slik:;

  • Logg deg inn i Vipps-appen
  • Klikk på "Profil" nedst til høgre
  • Klikk på "Regninger og eFaktura"
  • Velg om du vil slå av visningar av eFaktura eller eFaktura i Vipps, ved å klikka til høgre ved kvart punkt slikt at valet blir gråkvitt.

Hugs at dersom du deaktiverer Vipps Rekning før ein uteståande faktura er betalt, må du betala fakturaen manuelt. Du finn betalingsinformasjonen på fakturaen i Vipps.

Digipost/eBoks

For å motta faktura via Digipost eller eBoks må du ha oppretta ein digital postkasse hos ein av desse leverandørane. Dersom du allereie har avtale om eFaktura eller avtalegiro med kommunen vil desse bli prioritert føre digital postkasse.

Fakturaer sende til digital postkasse for innbyggarar (Digipost/eBoks) er fullverdige postleveransar. Varsling via SMS eller e-post om mottatt post styrer du fullt og heilt via dine varslingsinnstillingar inne i din digitale postkasse, og Sveio kommune kan ikkje overstyra desse.

Dersom du velg å motta post i Digipost/eBoks, vil du òg motta fakturaar her. Dersom du ikke vil motta post og fakturaar digitalt, må du aktivera ein høgare rangert kanal (sjå under "Korleis mottar du fakturaen?") eller deaktivera den digitale postkassen. Reservasjon av digital post frå offentleg sektor kan gjerast på www.norge.no/reservasjon.

E-post

Ønsker du å få fakturaen tilsend som eit PDF-vedlegg til e-post, kan du kontakta oss for å få registrert di e-postadresse i vårt system. Me må presisera at dersom du har andre digitale kanalar, som avtalegiro, eFaktura, Vipps Rekning eller digital postkasse, vil desse bli prioritert føre e-post.

Har du først registrert ei e-postadresse hos kommunen, og deretter ønsker at fakturaane skal sendast til ei anna e-postadresse, må dette meldast inn til kommunen.

Dersom du allereie mottar fakturaar på e-post og heller ønsker å motta faktura pr. post/papir, er dette òg noko som må meldast inn til kommunen.

Ordinær post

Dersom me ikke får treff i nokon digitale kanalar, vil fakturaen bli levert i postkassa på same måte som tidligare. Den eineste forskjellen du vil merka er at utsjånaden på fakturaen er noko endra. Den nye blanketten har ikke girodel i botn, så om du ønsker å nytta brevgiro, må du fylla ut ein tom giroblankett.

Tomme giroblankettar kan du få i banken, eller på Servicekontoret på kommunehuset. På Servicekontoret kan du òg få hjelp til utfylling av giro dersom dette er ønskeleg.

 

Har du spørsmål?

Kontakt kommunen på postmottak@sveio.kommune.no eller ring sentralbordet på 53 74 80 00. 

Opningstidene for sentralborder er måndag til fredag kl. 08.30–13.00.