Logoped

Kontaktinformasjon logoped:

Marit Vatnem Ingebrigtsen 
Telefon kontor: 53 74 80 19
Mobil: 905 63 762

E-post: Marit.Vatnem.Ingebrigtsen@sveio.kommune.no

Logopedtenesta i Sveio kommune er organisert i lag med Ressursteam – førskule og gir hjelp til førskulebarn, skulebarn og til vaksne. Hjelpa kan gis i form av rettleiing til personalet/føresette, som systemretta tiltak eller som direkte hjelp. Logopeden evaluerer tiltaka og tilviser vidare der det er behov for ei meir omfattande utgreiing. Logopeden har samarbeid med barnehage, skule og andre faginstansar og deltek på relevante møte rundt barnet/elven/klienten.

Arbeidet består i kartlegging, utgreiing og iverksetjing av tiltak i høve til ulike former for kommunikasjonsvanskar. Nokre av dei vanlegaste arbeidsområda er:
- språkvanskar hos barn
- språkutvikling hos barn med forskjellige syndrom
- leppe-/ kjeve-/ ganespalte
- uttalevanskar
- stamming og løpsk tale
- afasi (etter hjerneslag)
- stemmevanskar
- ete - /svelgvanskar
- kommunikasjonshjelpemidlar
- cochlea - implanterte
- språkvanskar hos barn og vaksne etter sjukdom/skade

Tilvisingsskjema til logoped for barn i barnehagen (PDF, 216 kB)

Tilvisingsskjema til logoped for elevar i skulen (PDF, 216 kB)

Logopeden tek kontakt når tilvisningsskjema er motteke.

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 14.09.2018