Barnehagane i Sveio

Informasjon om foreldrebetaling barnehage og SFO i samband med Covid-19

Ved gjenopning av barnehagar i frå 20. april og 1. – 4.trinn i skulen og SFO i frå 27.april, gjeld ordinære reglar om foreldrebetaling, uavhengig av tal timar tilbodet omfattar. Dette gjeld og for foreldre av barn som mottar omsorgstilbod på SFO etter skuletid, og som ikkje hadde avtale om SFO-plass før Covid-19. Ved overgang frå omsorgsstilbod til SFO for denne gruppa, må det meldast frå til skulen kva plasstilbod de ønskjer i SFO.

  • Foreldre kan søkje om moderasjon i foreldrebetalinga i barnehage på ordinær måte.   
  • Foreldre som held barna heime utan helsegrunner, må betale eller seie opp plassen.

Hovudregelen er at barnehagar og SFO skal gi eit tilbod på same måte som før, men kan ha kortare eller fleksible opningstider om det er naudsynt for å ivareta krava til smittevern. Det betyr at dei som til dømes har avtale om full plass, skal betale avtalt pris for full plass, uavhengig av tal timar tilbodet omfattar. Tilsvarande gjeld for redusert plass. Barnehagar og SFO som har kortare opningstid, må fortsatt sørge for tilbod til barn av foreldre i samfunnskritiske funksjoner og med særlege behov.

Inntil vidare, har skulane i Sveio teke avgjerd om å gi tilbod i SFO som før 12.mars.

Barnehagane i Sveio

I Sveio er det 8 barnehagar, av desse er 3 kommunale og 5 private.
Kommunale barnehagar: Sveio barnehage, Førde barnehage, Valestrand oppvekstsenter

Private barnehagar: Ekrene natur- og gårdsbarnehage, Gjermundshaugen FUS barnehage, Bråtveit natur- og kulturbarnehage, Bua barnehage og SFO, Espira Solkroken barnehage

Kontakt

Gunnhild Staupe
Gunnhild Staupe
Rådgjevar
53 74 80 93