Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er ein teneste som ytast i heimen hjå brukaren. Målgruppa er eldre og/eller sterkt funksjonshemma og/eller sjuke som ikke klarar seg på eiga hand. Hjelp kan til dømes vere hjelp til personleg hygiene, mat, medisiner osv.

Dersom du får vedtak på heimesjukepleie vil du etter 3 mnd ha rett på gratis tannhelseteneste. Dersom det oppstår ein akutt situasjon kan du få gratis tannhelseteneste før 3 mnd er gått.

Kriterier/vilkår: 

Du har krav på bistand hvis du ikkje kan dra omsorg for deg sjølv eller er avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie daglege gjeremål. Du har eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom,funksjonshemming,alder eller av andre årsakar.

Lovverk:

Dette er ein lovpålagt teneste.

Slik søker du:

Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen. Det må liggje føre ein skriftleg søknad.

Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)

Søknaden skal du sende til: 
Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio Omsorgssenter, 5550 Sveio.

Tenestekontoret behandlar søknaden og det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon 

Saksbehandlar ved Tenestekontoret kan hjelpa deg å utforme ein skriftleg søknad.
Hvis ein annan søker på vegne av deg, må vedkommande ha fullmakt. Søknaden må bli signert av deg.

Les meir om tenestekontoret her

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 10.11.2016

Kontakt

Ann Merete Habbestad
Avdelingssjukepleiar heimetenestene

Kontaktinfo

Avdelingsleiar heimetenesta:
Anne Merethe Habbestad
Telefon: 53 74 82 51

Tenestekontoret
Telefon: 53 74 82 20
Telefontid: 08:30-15:00

E-post: tenestekontoret@sveio.kommune.no

Besøksadresse:Løkjavegen 35, Sveio omsorgssenter
Postadresse: Løkjavegen 35, 5550 Sveio

Ekspedisjonstid: Mån.-fre. 08:30-15:00