Introduksjonsprogram for flyktningar

Målet med introduksjongsprogrammet er å gi flyktningar grunnleggjande ferdighetar i norsk, grunnleggjande innsikt i norsk samfunnsliv og førebu dei til arbeid eller utdanning.

Kven kan få tilbodet?

Flyktningar i alderen mellom 18 og 55 år som vert busett i Sveio kommune etter avtale med utlendingsmyndighetane (IMDi) har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet.

Om du har busett deg utan at dette er avtalt med kommunen, mistar du retten til å delta i introduksjonsprogrammet og får ikkje introduksjonsstønad.

Korleis få tilbodet?

Du kan ta kontakt med NAV-kontoret i Sveio for råd, rettleiing og for å søkje om deltaking i introduksjonsprogrammet.

Kva tilbyr vi?

Gjennom introduksjonsprogrammet vil du læra norsk og få kunnskap om det norske samfunnet. Du vil også få prøve deg i arbeidslivet.

Du får:

  • Tett oppfølging.
  • Praktisk opplæring i norskspråk og samfunn.
  • Hjelp til å starte utdanning eller komme i arbeid.
  • Økonomisk stønad tilsvarande to ganger folketrygdens grunnbeløp.

Programmet er på heiltid, som ei vanleg arbeidsveke, og varer i inntil to år.

Kontaktinfo

Nav Sveio
Telefon: 55 55 33 33

Adresse

NAV Sveio
Sveiogata 64 C
5550 Sveio

Åpningstider

Måndag–fredag kl. 10.00–14.00.

Stengt torsdagar

Vakttelefonen for akutte situasjonar med behov for nødhjelp (økonomisk sosialhjelp) er bemanna i opningstida.