Barselomsorg

Jordmortenesta i Sveio

Jordmortenesta er ein obligatorisk del av kommunehelsetenesta, og samarbeider med lege, fysioterapeut og helsesøster.

Tenesta er gratis.

Føremålet er:

  • Å fremja god helse og naturleg utvikling av svangerskapet
  • At du/de som foreldre skal få ei god start saman med det nye barnet
  • Å skapa tryggleik kring den føreståande fødselen
  • At foreldra er førebudde på barseltid og amming
  • Å fremja kjennskap til rettar som gravid, fødande og barselkvinne

Jordmor tilbyr:

  • Svangerskapskontrollar
  • Fødsels – og foreldreførebuande kurs v/sykehuset
  • Heimebesøk etter fødsel
  • Prevensjonsvegleiing
  • Helseopplysning i 9. klasse om prevensjon, sex og samliv.

Postadresse:
Sveio helsestasjon v/Ragnhild Lysen
Postboks 68
5559 Sveio

Telefon 53748122

Sveio helsestasjon: Måndag 08.00-15.30 tysdag mellom kl 10-12 og onsdag frå 10-14.

Besøksadresse: Kommunehuset, Sveio sentrum

Førde legekontor: Kvar tysdag frå kl 12:30

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 17.03.2017

Kontaktinfo

Ragnhild Lysen
tlf. 53 74 81 22
mobil: 965 07 250