Kommunal planstrategi

Oppstartsvarsel:

I samsvar med plan- og bygningslova § 10-1 skal kommunane i Noreg utarbeida og vedta ein kommunal planstrategi, innan eitt år etter at nytt kommunestyre blir konstituert. I planstrategien skal kommunane visa dei strategiske vala knytt til samfunnsutviklinga. Tema som bør inngå i planstrategien er langsiktig arealbruk, miljøutfordringar, sektorane si verksemd og ei vurdering av kommunen sitt planbehov i valperioden, inkludert vurdering om kommuneplanen skal reviderast.

Sveio kommunestyre har i møte 17.02.2020, sak KOM-013/20, fatta vedtak om å starta opp arbeidet med planstrategien for perioden 2020-2023. I vedtaket kjem det fram at arbeidet med ny planstrategi skal ta utgangspunkt i planstrategien for perioden 2016-2019. Grunngjeving for dette er at den planstrategien har lagt føringane for arbeidet med ny kommuneplan, som allereie er under utarbeiding.

Sveio kommune ber om skriftlege innspel og merknader til arbeidet med kommunal planstrategi. Eventuelle synspunkt til arbeidet skal sendast på e-post til postmottak@sveio.kommune.no eller per brev til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio innan 5. april 2020.